JAN STEDJE

Det er Direktoratet for naturforvaltning (DN) som kjem med denne konklusjonen etter at parasitten har spreidd seg til åtte regionar i landet.

Lærdal ferdig om 2-3 år

— Får vi ikkje pengar til å gjennomføre tiltak, og forsking på korleis parasitten spreier seg og kjem tilbake i elvane, vil laksen i Lærdalselva vera bortimot utrydda alt om to til tre år, seier førstekonsulent Gunnbjørn Bremset i DN til Bergens Tidende.

Denne krisetilstanden vil bli presentert i eit gyro-dokument som DN sender Miljøverndepartementet om kort tid. Dokumentet vil også inneholde forslag til tiltak som kan redda villaksen mot total utrydding.

Konsekvensane store

— Kor alvorleg er tilstanden for norsk villaks på grunn av gyro?

— Den er svært alvorleg. Dersom vi ikkje klarar å løyse gyro-problemet vil alle andre bevaringstiltak for norsk villaks, som mellom anna genbank og oppretting av nasjonale laksefjordar/laksevassdrag vera fånyttes, seier Bremset.

Forskarane trur gyro-smitten kjem frå regnbogeaure i innlandet, blant anna frå oppdrettsanlegg i Valdres.

Stor tidsnaud

— Det kjem ikkje på tale å gjennomføra endå ei kjemisk behandling i Lærdalselva mot gyro før vi kjenner smittekjelda. Og tida vi har er kort. I løpet av berre to til tre år vil laks i denne elva vera bortimot utrydda, på grunn av at rekrutteringen av nye generasjonar laks er borte etter gyro-angrepa, seier Bremset.

Norge viktig

Bremset minner også om det internasjonale ansvaret som Norge har når DN no ber om statlege midlar til gyro-tiltak

-Vi har eit særskilt internasjonalt ansvar for Atlantisk villaks, fordi Norge har 25 prosent av verdens villaksressursar. Villaksen er dessutan ein av to artar på verdsbasis som har fått eigen bevaringskonvensjon; den andre er isbjørnen, seier han.

Miljøvernminister Børge Brende var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar til saka. Seksjonsleiar Tor Atle Mo ved Veterinærisntituttet stadfestar at ein manglar oversyn over smittevegane for den dødelege gyro-parasitten, som no altså er på veg til å utrydde dei norske laksestammane om ikkje tiltak blir sett inn.