— Eg har stilt spørsmål om Hardangerbrua i samferdslekomiteen, seier SVs samferdsletalsmann, Hallgeir Langeland. - Det går på at Hardangerbrua medfører investeringar som ikkje har funne plass i Nasjonal Transportplan. Vidare går det på konsekvensane av å byggja Hardangerbrua, som ikkje stemmer overeins med det som er sagt om samferdsle i Soria Moria-erklæringa, seier Langeland til Bergens Tidende.

— Betyr dette at SV vil prøva å få regjeringa til å trekkja Hardangerbrua?

— Du vil sikkert høyra meir om dette om få dagar, seier Langeland.

Uroleg saksordførar

Bondevik-regjeringa la fram proposisjon med tilråding om bygging av Hardangerbrua i sitt siste statsråd før avgangen, 7. oktober. Saka er no komen til samferdslekomiteen, og Høgres Øyvind Halleraker er utnemnd til saksordførar.

— Dette gjer meg litt uroleg, men eg vonar at det berre vil gå på formalitetar. Det er ikkje uvanleg at nye regjeringar tek ein ny gjennomgang på saker som kjem frå ei avgåande regjering.

Det lukkast ikkje BT å få kontakt med samferdsleminister Liv Signe Navarsete, Sp, i går. Men Navarsete har uttalt, også etter valet, at ho er for bygging av Hardangerbrua.

Senterpartiet står fast på Hardangerbrua, seier partiet sitt medlem i samferdslekomiteen, Eli Sollied Øveraas frå Møre og Romsdal.

Undring frå Frp

— Som saksordførar er det mitt mål å få Hardangerbrua vedteken i Stortinget før jul. Eg vil føreslå ein framdriftsplan i komiteen, og så vonar eg vi kan få presidentskapet til å rydda plass for debatten i Stortinget, seier Øyvind Halleraker.

Den andre store samferdslesaka frå Hordaland som har nådd Samferdslekomiteen, er Bergensprogrammet. Saksordførar der vart Tor Arne Strøm, Ap.

— Eg registrerer med undring at fleirtalet i komiteen ikkje ville ha ein representant frå det nest største partiet på Stortinget, og som attpå til representerer Hordaland, som saksordførar for Bergensprogrammet, seier Frps Arne Sortevik til BT.