• Eg håpar inderleg at kraftlina aldri blir bygd, seier ordførar i Granvin, Olav Seim, til BT.

Han er overtydd om at det kjem til å bli stor mobilisering og kamp mot prosjektet, etter kvart som det går opp for folk kva som er i ferd med å skje.

I Granvin kjem kraftlina til å vere godt synleg frå bustadområde, hyttefelt og utfartsterreng. Traséen vil gå gjennom nedbørsfeltet til det verna Granvinvassdraget, og gjennom villreinområde på Oksenhalvøya.

— Kraftlina er eit alvorleg inngrep, som kjem til å få dramatiske konsekvensar for natur, miljø og Hardanger som reisemål. Vi ønskjer ikkje denne utbygginga i det heile tatt, seier Seim til BT.

— Blir turist-Hardanger øydelagd?

— Regionen blir iallfall veldig skjemma. Langt fleire alternativ burde vore utgreidde for å overtyde meg og andre hardingar om at dette er den beste løysinga. For oss er det eit absolutt krav at alternativet med sjøkabel skal utgreiast.

Seim får støtte av rådsordførar i Hardangerrådet og ordførar i Ulvik, Jon Olav Heggseth.

— Det er ikkje nok å hevde at sjøkabel er for dyrt. Andre alternativ må utgreiast. Hardangerbrua blir berre ein bagatell i forhold, og det er heilt urimeleg å gå i gang med dette store inngrepet utan vidare, på ein så lettvint måte, seier han.

— Det må finnast andre, meir skånsame, måtar å sikra kraftforsyningane til Bergen på, seier Heggseth, som no ber bygdefolk, grunneigarar og reiseliv om å mobilisere mot utbygginga.