Men solarium vil ikkje Kreftforeningen tilrå folk å bruke, sjølv om fleire forskarar no tilrår dette som eit middel til å førebygge blant anna kreft.

– Vi veit at folk brukar solarium først og fremst for å bli brune, og til å legge eit grunnlag for å kunne sole seg ekstra mykje på feriar. Da blir dosane som oftast altfor store til at det er sunt, seier generalsekretær Anne Lise Ryel (bildet).

Ho har lita tru på at motivasjonen bak solariumbruk er det sunne D-vtaminet.

– Dei tar solarium for å bli brun, og slik bruk vil vi åtvare mot.

– Sjølv om alt tyder på at moderat bruk av solarium er helsefremmande?

– Ja. Folk flest går i solarium på andre premissar. Men dette med solarium er ei vanskeleg sak, seier Ryel, som ikkje avviser tanken om å justere på bodskapen.

– Vi tilpassar oss ny viten heile tida, og informerer ut frå det. Men vi prøver å basere oss på eit breitt utval forsking, og eg oppfattar at Moan er i mindretal når han rår folk til å bruke solarium.

– Men fornuftig, moderat soling er vel likevel bra no i påsken?

– Ja, ja, heilt klart. Vi oppmodar folk om å vere ute i sola, men passe seg for å bli brent, er meldinga frå generalsekretæren i Kreftforeningen.