• Eg vil ikkje ha Haukelibana. Vi har andre og viktigare oppgåver å ta oss av i norsk samferdsle, seier Oddvard Nilsen til BT.

JOHN LINDEBOTTEN

Den parlamentariske leiaren for regjeringspartia på Stortinget er klinkande klar når Bergens Tidende spør kva han meiner om lyntog-planane til Jørg Westermann.

— Det er brukt masse pengar på Bergensbana og Flesland flyplass. Haukelibana ville rykkje bort grunnlaget for desse investeringane, seier Oddvard Nilsen.

— Og ein statleg garanti for lån til investeringane kjem ikkje på tale. Det ville seia at staten fekk ansvaret for finansieringa likevel, seier han.

Oddvard Nilsen ristar berre på hovudet over planen om flytebru for toget over Hardangerfjorden.

— Var det ikkje ei bru som skulle hivast opp óg?

Sp vil vita meir

Sjølv om Haukelibana skal privatfinansierast, og ikkje kosta staten ei einaste krone, må Stortinget seia ja før bygginga kan ta til. Ingmar Ljones frå Kristeleg Folkeparti er ikkje så avvisande som Oddvard Nilsen.

— No skal Samferdsledepartementet sjå på saka og leggja fram ein rapport. Eg vil gjerne sjå den rapporten, og då skal du få eit greitt svar frå meg, seier Ljones til BT.

I Hordaland er Senterpartiet misnøgd med at fylkesordførar Gisle Handeland ikkje vil sleppa til Jørg Westermann med ei orientering i fylkesutvalet. Fylkesleiaren i Sp, Sigrid Brattabø Handegard, seier til BT at partiet til senda eit brev til Handeland med oppmoding om å ynskje Jørg Westermann velkommen.

Ulik meterpris?

Og regiondirektør Truls Hegrenæs i Jernbaneverket ynskjer Jørg Westermann lukke til med det vidare arbeidet.

— Skulle han nå fram med planane sine, så vil vi sjå positivt på det. Men vi stiller oss heilt uforståande til passasjergrunnlaget, seier Hegrenæs til Bergens Tidende.

Hegrenæs er og uviss på kva som er inne i kostnadstala for Haukelibana. Prisen på 30 milliardar omfattar bana Oslo-Bergen med greiner til Skien, Haugesund og Kårstø. I alt 583 kilometer. Det gjev ein meterpris på litt under 50.000 kroner.

— Til samanlikning er den 45 kilometer lange Ringeriksbana utrekna til 4,2 milliardar kroner. Det gjev ein meterpris på nærare 100.000 kroner, og då er alt rekna med, tre lange kryssingsspor og ferdig utbygde stasjonar.

Tre timar på Bergensbana

Hegrenæs reagerer på Westermann sine utsegner om at Bergensbana ikkje let seg modernisera for snøggtog.

— Dersom vi fekk 10-12 milliardar kroner, ville vi koma ned i ca. 3 timars køyretid mellom Bergen og Oslo. For 1,5 milliardar kunne vi byggja ein 20 kilometer lang tunnel frå Lågheller til Mjølfjell og spara 20 minuttar reisetid. Konkrete planar har vi for strekninga Takvam-Trengereid, der vi vil byggja to tunnelar på til saman 5,7 kilometer. Det vil kosta 600 millionar, og det vil eg be samferdslekomiteen sjå nærare på. Då får vi retta ut den eldste strekninga på Vossebana, frå 1883, seier Hegrenæs.