• Tilbodet frå Hordaland og den klåre prioriteringa er eit viktig steg framover for Hardangerbrua, seier Petter Løvik, H, leiar i samferdslekomiteen, til Bergens Tidende.

JOHN LINDEBOTTEN

Stortingets samferdslekomité fekk i går opp i fanget ei lang og milliardtung ynskjeliste frå dei fire vestlandsfylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Det mest oversiktlege vart lagt fram frå Hordaland sine folk, fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg, byråd for miljø og byutvikling, Lisbeth Iversen, Os-ordførar Terje Søviknes og Arne Jakobsen.

Dei hadde tre store prosjekt: Bergensprogrammet, E 39 frå Rådal til Os og Hardangerbrua.

Torild Selsvold Nyborg la fram tilbodet frå Hordaland om full eigenfinansiering av brua.

— Eit spenstig tilbod, som ho kalla det.

Veldig klårt svar

— Du har tidlegare sagt at Hardangerbrua er eit godt prosjekt, og at brua må koma. Kan Stortinget seia nei til dette tilbodet?

— Hardangerbrua er eit knakande godt prosjekt, og eg meiner at vi no har fått eit veldig klårt svar på korleis Hordaland prioriterer brua. Det er eit viktig steg framover, seier Petter Løvik.

På dette stadium vil han likevel ikkje lova at brua kjem med i Nasjonal Transportplan (NTP). I stortingsmeldinga om NTP som kom i mars, var Hardangerbrua ikkje nemnd med eit ord i kapitelet om Rv. 13.

— No skal saksordførar for NTP, Oddbjørn A. Starrfelt, bruka ei god veke på å laga eit forslag til innstilling, som så skal drøftast i komitéen. Så skal komítéen leggja fram endeleg innstilling for Stortinget i fyrstninga av juni, seier Løvik.

Oddbjørg A. Starrfelt er frå Rogaland og leiar for Arbeidarpartiets fraksjon i samferdslekomiteen. Ho sa til BT i går at det ville vera underleg om Stortinget no skulle seia nei til Hardangerbrua.

Forstår samanhengen

— I stortingsproposisjonen om Bergensprogrammet som kom i juni 2002, var statens del av utgiftene sett til 1 415 millionar kroner. Samferdsledepartementet hadde ingen merknader til det, og heller ikkje Stortinget sette spørsmålsteikn ved den summen då Bergensprogrammet vart vedteke før jul i 2002. I mellomtida er statens del gjennom Nasjonal Transportplan redusert til ca. 1 000 millionar kroner. Har ikkje Bergen lov å venta at statens del på 1 415 millionar, som både departementet og Stortinget har akseptert, vert ståande ved lag?

— Eg har høyrt ulike ting om dette, og ikkje vore fullt på det reine med kva som var problemet. Men då Lisbeth Iversen la dette fram i dag, forstod eg samanhengen, og eg lovar at eg skal sjå grundig på dette, seier Petter Løvik.

Lite ekstra til E 39

Når det galdt det store vestlandsprosjektet i Nasjonal Transportplan, Kyststamvegen, gav hverken Løvik eller andre i samferdslekomiteen nokon lovnader om ekstra pengar. Kravet frå Vestlandet var 1,5 milliardar i tillegg til dei ca. 3,5 som alt ligg inne i NTP. Som motyting lovar vestlandsfylka bortimot same summen i bompengar, altså nær fem milliardar.

— Vi nærmar oss kanskje ei grense for kva vi tåler av bompengar. Uansett må vi halda oss til den lokale handsaminga av kvart tiltak, og er det no opplest og vedteke at folk vil ha alle desse bompengeprosjekta?

— Eg merka meg likevel at det var ei svært god og klår prioritering i Hordaland av Svegatjørn-Rådal, seier Petter Løvik.