— Nei, det vil vi ikkje. Men skulle dette ende med at NTV blir lagt i Bergen vil det utvilsamt styrke tv-miljøet i byen, seier konserndirektør Rune Indrøy.

Klubbleiar Jarle Mindor Marøy i TV 2 meiner òg NTV vil bety mykje for fjernsynsmiljøet i Bergen.

Han legg heller ikkje skjul på at det er viktig for TV 2.

— Det er veldig verdifullt og fruktbart. Det gjer at vi får fagpersonar til Bergen, som vi kan dra nytte av og som kan vere viktige for TV 2, seier Marøy.

Selskapet det no står strid om vil i følgje NTV-sjef Tor Fuglevik ha ein administrasjon på 20-30 personar. I tillegg vil det kome rundt 20 teknisk tilsette i den såkalla sendesentralen, som truleg vil bli lagt i tilknyting til TV 2 i Bergen eller NRK i Oslo.

Selskapet skal òg formidle betalingskanalar, men ifølgje Fuglevik vil dette blir sett ut til andre operatørar. Etter det BT forstår er likevel ikkje det endeleg avgjort.

I tillegg skal selskapet ha eit eller fleire hjelpetelefon-senter med mellom 50 og 100 tilsette, senter som kan bli lagt andre stader i landet.