— Vi vil gjere alt for å stoppe denne linja, seier leiar i Granvin ungdomsråd, Synnøve Kvamme.

- Kva inneber det?

– Dei må vente seg lenkjegjengar. Eg trur dei skal få problem med å byggje denne linja.

Lenkjegjeng

Sivil ulydnad mot det store luftspennet har vore diskutert mellom ungdomane i Hardangerkommunane.

— Dersom det er rett at det no går mot eit vedtak om å byggje denne linja, trur eg det vil bli opprør. Motstanden lokalt er veldig sterk. Vi kjem ikkje til å gje oss, seier ungdomsrådsleiaren.

Synnøve Kvamme veit ikkje om ho heilt skal tru på det ho no høyrer om at statsråd Terje Riis-Johansen skal ha bestemt seg for å gå inn for bygginga av linja.

— Så seint som sist veke var vi i kon-takt med hans politiske rådgjevar for å invitere statsråden til Hardanger seinare i vår. Tilbakemeldinga vi fekk var at dei ville prøve å få det til før avgjerda blei teken. Dersom det er rett at Terje Riis-Johansen no har bestemt seg, syns eg det rett og slett er utruleg feigt gjort i forhold til signala vi fekk sist veke.

**BT-leder:

Ta tiden til hjelp, statsråd**

— Utruleg feigt!

Også Synnøve Kvamme, leiar i Granvin ungdomsråd, veit ikkje om ho heilt skal tru på det ho no høyrer:

— Så seint som sist veke var vi i kontakt med politisk rådgjevar i Olje– og energidepartementet, Ivar Vigdenes, for å invitere statsråden til Hardanger seinare i vår. Tilbakemeldinga vi fekk var at dei ville prøve å få det til. Dersom det no er rett at Terje Riis–Johan-sen har bestemt seg, syns deg det rett og slett er utruleg feigt gjort.

Ungdomane i Hardanger har engasjert seg sterkt mot monstermastene, og Kvamme lovar at kampen vil halde fram.

— Vi kjem ikkje til å gje oss, seier ho.

Kva meiner du om avgjerdsla til ministeren? Sei di mening her.