Ingen kokkeelevar i den vidaregåande skulen i Hordaland kokar piggvar, lammerygg og rabarbra betre enn Olav Børtveit, Ingebjørg Klyve og Marie Eide Måkestad på Rogne. Dei hadde med seg Knut Erling Andersen som mentor.

— Dei vann på god mat og fin presentasjon, seier kokkelærar Helge Nevdal.

Ni kokkelag frå sju skular i Hordaland stilte til start i aulaen på Årstad vgs. Årets kjøkensjef her i landet, Endre Olsen, var hovuddommar og hadde med seg Bente Dahlslett og Erik Muus Falck i juryen. Dermed kan ingen hevda at dei vart bortdømt.

Kokkelaga fekk på førehand vita at piggvar skulle inngå i forretten, kjøt av ryggen på sau i hovudretten, og rabarbra i desserten. Dagen før tevlinga leverte dei detaljert meny med råvareliste, og denne måtte fyljast til punkt og prikke.

— Mengdeutrekning og økonomisering med råvarene er eit viktig element i yrket. Dessutan vert det lagt vekt på arbeidsmetodikk og hygiene. Og smaken, sjølvsagt, seier kokkelærar Nevdal, ikkje så lite stolt over at Rogne-elevane kom heim med pokal, medaljar og sponsorgåver. Til våren er dei ferdige med teorien og skal ut i lære med fagbrev i sikte om to år.

Sævig, Rune