Kjell Lande er sint der han står midt inne på fabrikkområdet til Zinken i Odda.

Han prøver å få liv i ein truck som har fått motorstopp. Men det er ikkje trucken som er årsaka til at mekanikaren er arg.

Det er tungtrafikken heime i Røldalsvegen som plagar han. Lande vil ha riksvegen utanom sentrum og har gjeve stemma til RV for at partiet skal få dette til.

No brukar han høvet til å gje listetopp Terje Kolbotn (51) klar melding.

— No må ikkje RV vera som dei andre partia og berre fara med tomme vallovnader. Gratulerer med dagen, forresten.

Gratulasjonar

Kjell Lande var ikkje den einaste som reiv litt kjeft og gratulerte då BT kom trekkjande med Kolbotn og ein handfull andre lokale partitoppar i RV i går.

Gratulasjonane sat laust både på spaserturen gjennom sentrum og på Zinken. Ingen er i tvil kven som vann valet i Odda.

Industrisamfunnet inst i Sørfjorden er landets raudaste kommune. Med 16,3 prosent oppslutning vert RV det nest største partiet i kommunestyret.

Og Kolbotn som nett har fått den gledelege meldinga om at han er Odda største stemmesankar, smilte frå øyre til øyre. Med 156 slengjarar frå andre parti og 167 personlege listestemmer, kan han vera trygg på at det er mange som vil han vel som kommunepolitikar dei neste fire åra.

I Bergen ville det til saman ha vorte over 10.000 listestemmer om Kolbotn hadde fått prosentvis like stor oppslutning der.

Mobilen braut saman

— I dag tidleg låg det så mange meldingar på mobilen at batteriet gjekk flatt, legg han til medan han nikkar mot kjende både til høgre og venstre.

— I dag er det sanneleg moro å vera RVar, seier partiveteranane Vidar (61) og Solveig Våde (62).

Begge hugsar enno godt korleis det var då Vidar Våde kom inn i kommunestyret fyrste gong i 1975, for 28 år sidan.

Då var ml-rørsla og RV på sitt raudaste. Mao var enno i live og ingen visste kva som gjekk føre seg i Kampuchea.

— Den gong måtte Vidar tola mykje drit, seier kona Solveig.

— Vi er nok vorte litt rundare i kantane med åra, legg ho til.

No tek ho fatt på sin tredje periode som kommunestyremedlem.

— Det er slutt med julingen. Vi har vorte handsama som respekterte politikarar i mange år no.

— Men eg er glad eg er vorte pensjonist Trur ikkje eg hadde orka å driva politikk med full jobb ved sida. Det ligg mykje arbeid og mykje offer bak denne sigeren, seier ho.

— Vi er på parti med vanlege folk og vi har vist at vi er til å stola på. Vi har visjonar for industrisamfunnet, seier Kolbotn då vi spør om kva som er årsaka til at så mange oddingar stolar på partiet lengst ute på venstrefløya.

Med tre periodar bak seg i kommunestyret og to periodar som formannskapsmedlem, er Kolbotn sjølv ein blant vetarane mellom dei folkevalde i Odda.

— Vi har vist at vi meiner alvor når vi har laga eit program for utvikla Odda til eit moderne industrisamfunn. Å skapa nye arbeidsplassar ved hjelp av dei naturressursane som finst i Odda-samfunnet, er jobb nummer ein for RV, understrekar han.

Det slo også fyrstekandidaten fast i valkommentaren han skreiv i Hardanger Folkeblad like før valet.

Kommentaren hadde titelen «Om eg vert ordførar.»

- Ein ordførar frå RV

Denne perioden har Arbeidarpartiet hatt fleirtal i kommunestyret ved å stø seg til Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet. Framleis er denne koalisjonen i fleirtal i kommunen. Men både Arbeidarpartiet og SV er svekka.

— Valresultatet syner at ingen lenger bør kimsa av at RV kan få ein ordførar i Odda, slår veteranen Våde fast.

Og Kolbotn følgjer opp:

— Dei næraste dagane kjem vi til å bruka til å ta kontakt med dei andre partia for å skapa eit alternativ til Arbeidarpartiet.

Alt er avhengig av SV. Partiet sit med nøkkelen. Vi er avhengig av partiet si støtte om vi skal vinna fram med ordførarvalet, slår Kolbotn fast.

Velgjarane sin dom er klar. Arbeidarpartiet er taparen. No er det på tide at andre tek over styringa her i Odda.

— Det er ikkje lenger slik at Arbeidarpartiet har klippekort til makta og ordføraren i Odda.

Alt i dag tek han fyrste kontakten med SV for om mogeleg å byggja den nye koalisjonen.

GRATULASJONAR: På Zinken i Odda var det i går mange som ville ønskja Terje Kolbotn lykke til med fire nye år i kommunestyret. Kjell Lande var ein av dei.<p/>FOTO: ØRJAN DEISZ