TERJE ULVEDAL

Flåm

Det går mot vår i Chisinau, hovudstaden i Moldova. Men i livet til Raisa Belic er det lite lys denne etterjulsvinteren. Barnevernarbeidaren har engasjert seg politisk i eit av verdas mest gjennomkorrumperte land. Men medlemene i det i prinsippet lovlege opposisjonspartiet, blir trakasserte og trua. Det verste er at det går utover ungane. På skuleveg blir dei skygga, på skulane blir dei gjort til mobbeoffer, på fritida blir dei forfølgde.

Raisa bestemmer seg for å dra. Ho håpar at då skal dei to tenåringsjentene få fred. Men slik går det ikkje. Tvert om blir det verre.

Betre pris

To år etter sit dei to systrene i ei lun stove i Flåm. I haust fekk dei endeleg avslag på søknaden om opphald. Mor greidde ikkje avslaget, og blei lagt inn på sjukehus. Sidan har dei to jentene budd hos Gjertrud og Erling Jan Håland.

— Mor prøvde å halde oss utanfor. Ho trudde det skulle bli bra for oss då ho drog, fortel dei to jentene på klingande sognemål. Men sjølv om dei snakkar så godt at ein ny lærar trudde dei var oppvaksne i bygda, har dei vanskeleg for å setje ord på det dei opplevde i heimlandet siste månadene. Når dei blir bedne om å fortelje, blir det ofte stilt. Lenge.

— Prøv og fortel om då dei kom til husværet, rett etter at mor var reist, oppmodar Gjertrud.

Dei to systrene ser på kvarandre, på bordet, i golvet. Dette er vondt og vanskeleg. Men til slutt kjem historia. Dei var heime med far. Brått kom nokre personar inn i rommet. Faren blei slått ned med ein pistol. Jentene fekk beskjed om å kle av seg. Då var det at ein av inntrengjarane greip inn. Jentene skulle ikkje misbrukast. Prisen for dei to ville bli betre, dersom dei var jomfruer.

Då inntrengjarane fekk farens signatur på eit dokument, gav dei seg. I ettertid viste det seg at han hadde skrive under på å gje frå seg husværet gratis.

Fem dagar i bil

— Vi budde hos nokre vener eit par dagar etterpå. Men dei torde ikkje ha oss der. Dei var redde for å bli innblanda, fortel Tanja.

Deretter flytta jentene til ein onkel. Like etterpå blei dei prøvd tvinga inn i ein bil.

— Vi skreik opp. Det var like ved ei kyrkje, og ein del folk kom til. Så dei gav seg, fortel Olga.

— Blei det fortalt kva som skulle skje?

— Dei trua oss heile tida med at vi skulle seljast til prostitusjon i Tyrkia. Slik menneskehandel er vanleg i Moldova.

— Kven stod bak trugsmåla?

— Vi oppfatta det slik at det var politiet.

Jentene flykta deretter til tanta i ein landsby nær grensa til Ukraina. Men også der blei dei spora. Til slutt tok familien affære, og skaffa pengar. To menn blei hyra inn for å køyre dei til Noreg, dit mora hadde reist.

— Vi fekk beskjed om at det berre blei stopp for å gå på do. Fleire gonger måtte vi skjule oss inne i bilen.

— Kva skjedde på grenseovergangane?

— Vi veit ikkje. Vi trur at mennene betalte for å sleppe forbi.

Dei veit heller ikkje kvar dei tok ferje frå, men etter fem dagar blei dei sett av i Oslo. Dei visste at mora budde på asylmottaket som då var i Aurland. Dit tok dei buss.

Skal tilbake

Det var i april 2003. No er familien fullt integrerte i Aurland. Mor skaffa seg jobb i ein barnehage, og leilegheit til seg og døtrene. Ho har sagt frå seg all offentleg hjelp, og vil klare seg sjølv. Også Olga på 17 har jobb, i tillegg tek ho fag for å kome inn på vidaregåande neste år. Det vil også Tanja.

Før jul fekk mor og dei to døtrene avslag på søknaden om opphaldsløyve. Familien skal sendast tilbake til Moldova. Avgjerda førte til ein spontan underskriftsaksjon i sognekommunen. Ordføraren skreiv brev og karakteriserte familien som ein stor ressurs.

— Raisa lærte seg raskt norsk, og fungerte som tolk for mange av asylsøkjarane på mottaket. Ho hjelpte mange av dei til å få opphald. Så opplever ho sjølv å bli send ut. Ho kjenner det forferdeleg bittert, seier Gjertrud Håland.

Dei to jentene har også tatt avslaget hardt. Reaksjonane kjem med jamne mellomrom. Som då NRK sist måndag viste første del av den britiske dramaserien «Sextrafikk», om internasjonal prostitusjon. Det er ei historie om to systrer frå Moldova som blir selde som sexslavar. Så godt som ein parallell.

— Vi måtte berre skru av. Dei greidde berre ikkje å sjå på.

UTVISTE: Olga (bak) og Tanja trivst i Aurland. På under to år har systrene, som no er 15 og 17 år, lært seg sognemål som var dei innfødde. Men over dei heng avgjerda om at dei skal sendast tilbake til Moldova. <br/>Foto: ODDLEIV APNESETH