I går kveld kunne Geir Skorpeide og Knut Andor Nesse gle seg over at kameraten blei sett fri.

— Dette var jammen bra. Eg har ikkje møtt han enno, men eg håper å få treffe han i kveld, seier Skorpeide.

Tidlegare på dagen møtte Bergens Tidende to av dei tre som var saman med 41-åringen kvelden før kona og sonen omkom i storbrannen. Dei er sterkt kritiske til etterforskingsarbeidet. Kameratane tok sjølv kontakt med politiet laurdag morgon.

— Politiet visste at vi hadde vore saman med kameraten vår kvelden før brannen. Burde vi ikkje då blitt kalla inn raskt, slik at vi kunne ha fortalt det vi visste? I staden måtte vi neste trygle om å få forklare oss.

Etter at dei hadde kontakta politiet laurdag morgon, blei kameratane henta inn til avhøyr.

Sovemedisin

Til Bergens Tidende fortel dei to at 41-åringen gjekk på medisin.

— Han hadde gått på desse tablettane eit par månader. Han tok dei kvar kveld, ein times tid før han skulle leggje seg, fortel Skorpeide.

Medikamentet gjorde han søvnig. Kvelden før brannen sovna han i følgje kameratane før dei gjekk.

— Dei to siste av oss gjekk rundt halv elleve. Vi måtte vekkje han slik at han kunne låse døra etter oss. Han var heilt i ørska då vi gjekk, fortel Knut Andor Nesse.

Bergens Tidende er kjend med kva medikament 41-åringen gjekk på. Ein biverknad er at folk blir trøytte. Medisinen blir difor av og til gitt nærast som sovemedisin.

— Etter at han tok til å ta desse tablettane, sov han gjerne tolv timar i strekk, fortel Geir Skorpeide.

- Uskuldig

Dei to kameratane har heile tida vore overtydde om at den 41 år gamle venen er uskuldig.

— For oss som veit korleis medisinen slo han fullstendig ut, er det heilt utenkjeleg at han kan ha stått opp om natta, gått til huset, tent på og deretter heim att for å leggje seg. Når han først var sovna, var det nesten uråd å få liv i han, seier Knut Andor Nesse.

— Kva gjorde de på om kvelden?

— Vi laga oss middag. Så såg vi på fjernsyn, var litt inne på data og spelte kort. Kort sagt ein vanleg kveld. Han hadde to pc-ar, så vi møttest ofte der.

— Blei det snakka om forholdet til eks-kona?

— Han hadde jo fått besøksforbod denne dagen. Eg var i lag med han då. Eg hugsar godt han sa: «No er eg ferdig. Eg skal aldri plage ho meir», seier Geir Skorpeide.

- Takla det ikkje

Dei to kameratane framstiller 41-åringen som glad i både eks-kona og ungane. Men han hadde vanskar med å takle samlivsbrotet i august.

— Det var når det skjedde ting som var negativt for han, at han trua eks-kona. Som den dagen politiet har fortalt om, då kona var i avhøyr og han ringde sju gonger. Eg var med han då. Den dagen hadde han fått brev frå Trygdeetaten om barnebidraget. Han meinte dei var einige om eit frivillig avtale. Men det er eit langt steg frå å sende trugande tekstmeldingar, til å gjere det han har blitt skulda for, seier Geir Skorpeide.

Dei to understrekar at dei ikkje vil seie noko som svertar den avdøde eks-kona.

— Vi kjende dei godt begge to. Det som har skjedd er ein tragedie.

ØYSTTEIN TORHEIM