— Mange klagar, og det er dei minst sjuke som klagar mest. Men det er også dei som må vente lengst, fordi vi må prioritere dei sjukaste, seier legevaktsjef Frank van Betten.

Fredag ettermiddag klokka ti på to kom Borghild Espelid til legevakta med det ho reknar med er ein biholebetennelse. Tre timar etter ventar ho framleis.

  • Eg var hos fastlegen min i dag tidleg for å prøve å få time, men ho var ikkje på jobb. Eg gjekk hit i staden, seier Espelid. Ho er ikkje aleine. Ti personar har stilt seg i kø framfor skranken. Etter kvart skal dei sette seg ned blant dei rundt 30-40 på venterommet.

Aukande pågang

Espelid har lyst til å kome i gang med kuren.

  • Hadde dette vore torsdag, ville eg berre ha gått til legen dagen etter. Men det er ikkje så lett i helga, seier ho.

I 2008 behandla Bergen Legevakt nær 100.000 pasientar - vel tusen fleire enn året før. Men den aukande pågangen av pasientar som heller burde oppsøkt fastlegen, er ei utfordring, heiter det i årsrapporten.

— Er venterommet fullt fordi fastlegeordninga ikkje fungerer godt nok?

  • Fastlegar flest gjer ein god jobb. Men det hender vi får pasientar hit som fortel at dei stilte hos fastlegen klokka åtte. Dei fekk høyre at det ikkje var ein einaste strakshjelp-time å få, seier van Betten.

På det meste kan det vere nærare hundre pasientar på venterommet til Bergen Legevakt på Vestre Strømkai. I verste fall kan ventetida bli sju-åtte timar lang for den som ikkje er prioritert i køen.

Antibiotika og nasedråpar

Bergen Legevakt gjennomførte i 2004 ei undersøking blant pasientane om dei hadde forsøkt å kontakte fastlegen sin først.

  • Tre fjerdedelar av pasientane hadde ikkje det. Det er mange, seier legevaktlege Knut Steen. Han trur det er fleire forklaringar på kvifor så mange går til legevakta.
  • Det er ofte stor differanse mellom medisinsk vurdert sjukdom og pasientvurdert sjukdom. Mange trur dei er langt sjukare enn det dei er, seier Steen.

Klokka seks, etter å ha venta i fire timar og ti minutt, blei Borghild Espelid kalla inn til lege. Ho fekk resept på antibiotika og nasedråpar.