• Kva skal vi med nynorsk i skulen? Vi forstår kvarandre likevel, og det er unødvendig bruk av tida vår, meiner elevar ved Bjørgvin videregående skole.

KRISTINE HOLMELID

— Var det eg som fekk beskjeden om at eg slepp nynorsk, hadde eg vore glad. Eg brukar aldri nynorsk i kvardagen, og det er unødvendig å bruke tid på det i skulen, seier Mari Mundal Krogshus, tredjeklassing ved Bjørgvin videregående skole.

Inga undervisning i nynorsk dei tre åra på vidaregåande. Det var beskjeden 1200 elevar i Oslo fekk i går, etter at Utdanningsdirektoratet sa ja til eit forsøksprosjekt.

- Dristig prosjekt

— Dette er eit dristig prosjekt, og nokre vil vel vere djupt usamde. Men av og til må ein vere litt dristig for å få utvikling, seier Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet til Bergens Tidende.

Forsøksprosjektet kan opne opp for at også elevar i andre fylke kan sleppe sidemålsundervisning. Men det vil først kunne skje etter at det treårige prosjektet i Oslo er evaluert. Målet er å få forskingsbasert informasjon om sidemål i skulen, og ikkje berre påstandar basert på mytar og fordommar, seier Utdanningsdirektoratet.

Elevane ved Bjørgvin videregående meiner at undervisninga dei har i nynorsk ikkje er spesielt interessant. Og dei ergrar seg over at karakteren i sidemål tel like mykje som karakterane i andre fag.

- Heitt tema i klassen

— Vi har ikkje eigne sidemålstimar, men to-tre prøvar i halvåret som avgjer karakteren. Hadde undervisninga blitt gjort kjekkare, hadde nok fleire likt nynorsk, seier Cecilie Aarevoll i tredje.

— For eksempel med å bruke Are Kalvø sine tekstar i undervisninga. Det hadde vore spennande, trur eg, seier Charlotte Spurkeland i andre klasse.

Cato Systad som også går i andre, fortel av sidemål er eit heitt debatt-tema i klassen deira.

— Mange klagar over at det er så kjedeleg med nynorske verb og slikt. Men det er jo like kjedeleg med engelske verb. Eg høyrer ikkje så mange klager over det, akkurat, seier Cato Systad.

- Slepp ikkje nynorsk

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim, avviser at forsøket i Oslo-skulen er eit ja til å sleppe nynorsk i skulen.

— Det er ein klar føresetnad at elevane skal lese mykje nynorsk, og at kunnskapar om språkhistorie og nynorske forfattarskap skal inngå i grunnlaget for standpunktkarakteren for både norsk skriftleg og munnleg, seier Skarheim.

Fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvoll Nyborg, seier at frivillig skriftleg sidemål førebels ikkje er aktuelt på skular i Hordaland.

— Vi avventar resultata frå evalueringa i Oslo. Men eg blir ikkje overraska om denne problemstillinga kjem også her etter kvart. Samstundes er vi eit fylke med sterke nynorske tradisjonar, seier Selsvoll Nyborg.

- VIL HELST SLEPPE: - Enten kunne vi kutta ut sidemål, eller så måtte undervisninga blitt gjort mykje meir spennande, meiner elevane ved Bjørgvin videregående skole i Bergen. Frå venstre: Charlotte Spurkeland (17), Mari Mundal Krogshus (17), Cecilie Aarevoll (18) og Cato Systad (17). <br/>Foto: KNUT EGIL WANG