Etter ønskje frå dei pårørande har likevel 17.mai-arrangementa stort sett gått etter planen.

– Veldig mange ringte meg i dag tidleg fordi dei var i villreie om korleis arrangementa skulle avviklast etter det som skjedde, seier ordførar Magne Rommetveit.

– Etter samråding med sjukehuspresten kom det fram at dei pårørande ønskte at programmet skulle gå som planlagt. Dermed var det lettare for meg å gje råd vidare om at programmet skulle følgjast, men med markering av den tragiske hendinga, seier Stord-ordføraren.

Magne Rommetveit opna talen sin i Sagvåg tidleg 17.mai med å referera til ulukka på Leirvik hamn.

– Eg sa at dagen hadde starta på verst tenkjelege måte, og at det kom til å prega oss alle utover da-gen, seier ordføraren.

Lang tradisjon

Salutten ute på Vikaflé, utanfor Leirvik molo, har vore tradisjon i mange tiår. Mannen som forulukka har hatt ansvar for sprenginga dei siste åra, han hadde ifølgje kjentfolk på Stord relevante sprengingssertifikat og er godt van med sprengstoff.

Saluttsprenginga er etter det Bergens Tidende kjenner til eit privat ansvar, godkjent av blant andre hamnestyres-maktene og finansiert av kommunen.

Leirvik Mannskor har ansvar for hovu-darrangementa på Stord 17.mai. Ulukka fører til at det blir ei markering for den omkomne i høve borgartoget som går gjennom Leirvik og endar på Torget.

Høyrte fem smell

Jon Erik og Vibeke Moldestad frå Bergen var blant fleire båteigarar som måtte evakuera indre hamneområde etter saluttulukka.

– Vi vakna av salutten, som vi ikkje var klar over på førehand. Vi høyrte fire— fem smell før det blei stilt, så merka vi ikkje noko unormalt før politiet kom og sa at vi måtte evakuera båtane på grunn av sprengstoff som flaut i sjøen, fortel Jon Erik Moldestad.

Båtane fekk koma tilbake til småbåtkaien inst i Leirvik etter at den siste av to sprenglekamar som kom på rek var funnen av dykkar under kaien ved Notahaugsbryggjo litt før klokka 11.

TRIST START: Ordførar Magne Rommetveit på Stord opna 17.mai-talen sin med å omtala dødsulukka på Leirvik under morgonsalutten.
OVE OLDERKJÆR
EVAKUERT: Jon Erik Moldestad frå Bergen er på båttur til Stord, og var blant dei som måtte evakuera Leirvik hamn då sprengstoff kom på rek etter sprengingsulukka.
OVE OLDERKJÆR