- Vernevedtak raserer Svanøy

Framlegget om at Førdefjorden skal bli nasjonal laksefjord, får enorme konsekvensar for Svanøy, «Sunnfjords perle». Dei første familiane flyttar frå øya i desse dagar.

- Vedtaket kan føre til at heile lokalsamfunnet kan kollapse, seier Ola Svanøe. Han krev no 20 millionar kroner i erstatning for å kunne etablere nye arbeidsplassar til erstatning for dei som går tapt som følgje av verneframlegget.

- Vi kan dokumentere dei heilt konkrete konsekvensane verneframlegget har fått for Svanøy.

Domstein flyttar
Dersom verneframlegget blir vedteke slik det ligg føre, blir det forbod mot lakseoppdrett på øya ved innløpet til Førdefjorden. Utryggleiken har gjort at oppdrettsgiganten Fjord Seafood har avgjort å flytte anlegget sitt. Ti tilsette er sagt opp.

- Dei første tre-fire barnefamiliane er i ferd med å pakke sakene sine. Som ein direkte konsekvens av det blir barnehagen lagt ned frå hausten av. Det fører sjølvsagt til store problem for tilsette ved andre arbeidsplassar, seier Svanøe.

I følgje Rolf Domstein, styreleiar i Fjord Seafood, vurderte selskapet å satse sterkare på Svanøy i samband med omstruktureringar i selskapet. Men då laksefjordframlegget kom, valde selskapet å leggje denne aktiviteten til Nordfjord.

- Dei kunne ikkje drive vidare på Svanøy med så utrygge framtidsutsikter, seier Svanøe.

Dobla folketalet
På slutten av 60-talet var naturperla i Sunnfjord eit typisk fråflyttingssamfunn. Folketalet var kome under 60. Skulen hadde berre tre elevar, og stod i fare for å bli lagt ned. Snart 40 år seinare er folketalet nesten dobla, og skulen har 20 elevar.

Etableringa av Svanøy Stiftelse og havbruksaktiviteten som blei sett i gang tidleg på 70-talet, snudde den negative trenden på øya. I tillegg til arbeidsplassar skaffa havbruksverksemda også pengar til andre aktivitetar som stiftinga var med på å dra i gang. Mellom dei Norsk Hjortesenter, eit nasjonalt senter for kunnskapsformidling og kompetanseoppbygging om viltlevande hjort og hjort i farm. Då stiftinga satsa på hjortefarmen, selde dei havbruksdelen til Domstein-konsernet og det som seinare blei Fjord Seafood.

Ola Svanøe flytta heim att for 30 år sidan, og har sidan vore sentral i arbeidet med å få til næringsverksemd og folketilvekst på øya. I tillegg til å krevje 20 millionar kroner for å byggje opp nye arbeidsplassar, vil han også krevje fem millionar i personleg kompensasjon fordi verneframlegget riv beina under arbeidet han har lagt ned dei siste 30 åra.

Framlegget om oppretting av nye nasjonale laksefjordar skal truleg opp i Stortinget neste år.



Les også

Siste fra Lokalt

Motorsykkelulykke på Tysnes

Bil og motorsykkel krasjet ved Uggdal.

- Advokater redde for
å klage på dommeren

- Jeg kjenner til flere advokater som er misfornøyde med dommernes opptreden i retten, men de kvier seg for å klage på dem.

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger