• Å ta inn bompengar er verdas enklaste yrke. Til det treng ein ikkje eit heilt utviklingsselskap.

Det seier fylkestingrepresentant i Hordaland, Bjørn Lothe (SV) som svar på Harry Herstad sin uttale til Bergens Tidende fredag.

Tidlegare fylkesrådmann Herstad, styreleiar i skandaleomtalte Sunnhordland bru— og tunnelselskap AS (SBT), meiner fylkeskommunen for lett har lete seg påverka av Vegdirektoratet med kravet om at heile SBT-styret må gå og at SBT må kvitta seg med oppdrag for andre selskap.

Eit generasjonsskifte i fylkeskommunen har ført til ei haldningsendring, meiner Herstad. Bjørn Lothe frå Hardanger er ueinig.

— Den noverande fylkesrådmannen overtok etter Herstad, og fylkesordføraren har site i fylkestinget ei årrekkje, blant anna, seier Lothe.

— Det må gå greitt å driva eit vegselskap utan lobbyisme og støtte til ulike føremål. Tida for det er heilt ute. SV støttar fullt ut kravet om at styret i selskapet må skiftast ut, seier Bjørn Lothe og gir honnør til fylkeskommunen for å ha gripe fatt i saka. Hordaland fylke eig 76 av SBT sine 123 aksjar og er representert i styret av blant andre fylkesrådmann Paul M. Nilsen.