Oppteljinga av innbyggjarhøyringa, som det heiter i Modalen, viste 133 ja-røyster medan 66 røysta nei.

Ordførar Knut Moe seier til bt.no at innbyggjarane har sagt sitt. Saka skal opp til handsaming i kommunestyret torsdag.

— Med så klart svar, går eg ut frå at kommunestyret vil fylja rådet, seier Moe.

Klart nei i Vaksdal

Som venta vil fleirtalet i Vaksdal kommune nødig gje slepp på krinsane Eksingedalen og Eidslandet som ynskjer seg over til Modalen.

I dei to krinsane isolert sett, vart det eit enda klarare ja. 80,25 prosent røysta ja, 19,75 prosent nei i denne delen av kommunen.

Faktisk var det meir ja-stemning på Eidslandet (83,7 prosent) enn oppe i Eksingedalen (76,6 prosent)

I heile Vaksdal kommune, sett under eitt, sa 26 prosent ja, og 74 prosent nei.

For kommuneøkonomien i Vaksdal vil ei grenseregulering får store negative konsekvensar.

Ordførar Eirik Haga er blant dei som har argumentert mot endringa, med enda større styrke enn kollega Knut Moe i Modalen. Haga fortel at Vaksdal kommunestyre får saka på bordet 28. september.

— Kva går ein inn for der?

— Eg har sagt at kvar representant må gjera seg opp si eiga meining om konsekvensane.

Trudde løpet var køyrt

— Korleis ser du på situasjonen?

— Då eg høyrde resultatet frå Modalen, gjekk eg ut frå at løpet var køyrt. Men etter resultatet her i kommunen er eg ikkje heilt overtydd om at det blir grenseregulering, seier Haga, og legg vekt på at han er ordførar for heile kommunen.

— Eg merkar meg at ein av fem i Eidslandet krins ikkje vil til Modalen, at ein av fire i Eksingedalen, der initiativet vart teke, også har røysta nei, og at det er rungande nei i resten av kommunen, seier Haga.

Når kommunestyra har uttalt seg, skal fylkesmannen gje ei tilråding til kommunaldepartementet, som avgjer saka.

— No har du skaffa Ap 50 prosent av stemmene på Dale i dag. Vil du kunne kviskra Jens Stoltenberg i øyra at han ikkje må finna på å justera kommunegrensene?

— Ein ting har eg bestemt meg for i denne saka: All kommunikasjon med sentrale styresmakter skal vera ryddig, understrekar Vaksdalsordføraren.