OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord— Det er grunnlag for å vera optimistiske før valet til hausten. Men eit viktig karaktertrekk ved veljarane våre er at dei stikk av så fort. Dei ønskjer å vera einige i alt vi står for, og blir fort fornærma på Venstre, sa Lars Sponheim på årsmøtet i Hordaland Venstre på Stord i går. - Det er viktig for oss å skaffa oss eit bilete av kva dei usikre veljarane vil. I Bergen sit det 5000-7000 av dei og ser på oss, det einaste vi veit er at dei ikkje ønskjer seg til Arbeidarpartiet eller Framstegspartiet, sa Sponheim.Lars Sponheim, renominert som Hordaland Venstres førstekandidat føre May Britt Vihovde, sa at Venstre kjem til å spela ei nøkkelrolle i regjeringsspørsmålet etter valet. - Var eg strateg for Arbeidarpartiet, ville eg vore oppteken av korleis partiet kunne halda Venstre under sperregrensa. Skal vi få til eit regjeringsalternativ til Ap, må vi over grensa, sa Venstre-leiaren, som gong på gong understreka at Ap og Frp er hovudmotstandarane i valkampen. - Ap og Frp er to alen av samme stykke. Frp er fæle, men dei er rimeleg klare i bodskapen. Ap er verre, for dei prøver å gøyma bort det dei står for, sa Lars Sponheim då han talte for auka arbeidsinnvandring. Sponheim snakka varmt om reformen som det er strid om i Venstre - ekstra ferieveke for småbarnsforeldre.- Her ligg eit veljarpotensial. Dei norske, unge kvinnene ligg i verdstoppen når det gjeld å jobba og å oppdra barn - samtidig. Ei ekstra ferieveke for desse er økonomisk den einaste tunge reformen vi har på programmet, han kostar rundt to milliardar kroner, sa Lars Sponheim.