For ingen trur det er mogleg å finna plass til båe i Nasjonal Transportplan 2006-2015

— Vi kan no berre sjå tilhøvet mellom folketal og storleiken på investeringane, seier Eilev Instanes, dagleg leiar i Hardangervegen AS, og legg fram den eine grafikken etter den andre.

Ein av grafikkane syner at Hardangerbrua, til ein kostnad på 1,8 milliardar kroner, bind saman kommunar med tilsaman rundt rekna 7.000 innbyggjarar.

Jondalstunnelen, derimot, kostar om lag ein tredjedel, og bind saman kommunar med over 25.000 innbyggjarar.

Selskapet Hardangervegen AS har som føremål å arbeida for eit betre og snøggare vegsamband mellom Odda og Bergen. Den sentrale lekken i dette er Jondalstunnelen.

Instanes strekar under at dei eigentleg helst vil halda seg unna diskusjonen om Hardangerbrua. Men no syner Statens vegvesen sine tal at at tunnelen med tilførslevegar vil kosta minst 500 millionar kroner. Tunnelen er då i praksis uråd å byggja som fylkesveg, slik det var planlagt. Tunnelen må verta riksveg, og få plass i Nasjonal Transportplan. Der står alt Hardangerbrua på venteliste. Det er ikkje mange som trur at Stortinget finn plass til båe to. Då vert saka sett på spissen, og då krevst det klår tale.

— Vi vil i alle fall arbeida aktivt for det vi trur på, og vi vil med det fyrste kontakta samferdslekomiteen i Stortinget for å be om eit møte, seier Eilev Instanes.