• Vi er lei oss for utviklinga, og vi gjer kva vi kan for å motverka trenden, seier leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust.

— Men vi ser at det ikkje er lett. Særleg områda rundt dei større byane er utsett for eit stort språkpress. Vi kallar det randsoner.

— Presset oppstår når kommunikasjonane vert betre og byfolk flyttar ut frå sentrum og buset seg i nabokommunane. Det er ein tendens som har gjort seg sterkt gjeldande i bergensområdet dei siste åra, og det er nok dette vi no ser att i statistikken, seier Myklebust.

Noregs Mållag er svært medvitne på det som skjer, og har stadige kampanjar der dei prøver å få skuleelevar til å stå i mot språkpresset og halda på sin eigen identitet og kultur.

— Randsonene er eit viktig satsingsområde for oss nett no, for vi ser at det er der det er vanskelegast for barn og unge å stå i mot presset, seier Myklebust.