— Det finst ingen restriksjonar mot å tippa i sin eigen butikk, opplyser informasjonsrådgjevar Remo Martinsen i Norsk Tipping.

Han fortel at det også er uvanleg med tre norske førsteprisvinnarar på same kveld i eit spel som femnar heile Norden.

— Men ikkje mindre gledeleg, seier han.

Rekordpremien i Viking Lotto høyrer heime i Danmark og er på heile 41 millionar kroner. Den høgste Viking Lotto-gevinsten i Noreg vart betalt ut i 1999 og var på 17,6 millionar kroner.