• Staten klarer ikkje å innrømme at Vegvesenet har gjort ei skikkeleg skilt-blemme i denne saka.

Det finst ingen argument mot å setje opp eit fareskilt som varslar glatt veg i heile Halbrendslia, sa advokat Anders Folkman i si avsluttande prosedyre i Sunnfjord tingrett i går.

Meir geografi-surr

Folkman representerer bergenskvinna Elin Ordemann, som krev erstatning frå staten etter at bilen hennar krasja i den famøst glatte E39 Halbrendslia i august 2001.

Også på andre dag i rettsaka hadde Folkman visse problem med å halde styr på kva svingar som var åstad for dei ulike uhella i Halbrendslia i Førde. Då saka starta, trudde Folkman at klientens uhell hadde skjedd i den dåverande 80-sona i den ekstremt ulykkesbelasta Foss-svingen i Halbrendslia. Realiteten var at ulykka skjedde i ein sving i ei 50-sone lenger nede i lia, der det knapt har skjedd andre uhell.

I går vart vitne Karsten Oma høyrd om si mc-ulykke der han fekk alvorlege skader på Halbrends-glatta, to veker før Ordemanns uhell. Også denne ulykka plasserte advokat Folkman i Foss-svingen, medan det etter mykje om og men vart klart for retten at den skjedde i den aller øvste svingen på den ulykkesbelasta strekninga — fire-fem kilometer unna den omtalte Foss-svingen.

— Eg veit sanneleg ikkje om eg torer komme med fleire opplysningar om plassering, sa Folkmann da han sidan oppsummerte saka i si prosedyre. Som tidlegare var Folkmans hovudpoeng at heile lia har vore glatt, og at også den svingen der klientens bil kjørte ut burde vore skilta.

Ville ikkje skilta annleis

Folkman peikte på at millionverdiar har gått tapt i alle trafikkuhella på strekninga, og at folk er blitt alvorleg skadd. Deler av lia har fareskilt som åtvarer mot glatta, men Folkman meiner heile strekninga, i begge kjøreretningar må skiltast på denne måten.

— Alle vitne seier det var glatt, alt tyder på lav fart og teknisk godkjent bil. Kva argument skulle tilseie mot å gjere min klient merksam på faren. Skilta stod der allereie, men omfatta ikkje dei nedst svingane. Det finst ingen argument mot å skilte, og Vegvesenet har gjort ei feilvurdering. Det påfallande er at dei ikkje klarer å innrømme det, sa Folkman.

Partane var også usamde om kva juridisk norm for aktsemd som skal leggast til grunn i vurderinga av Statens ansvar.

Advokat Gunnar O. Lægreid meinte at ein mild norm må gjelde, og at vegvesenet har opptredd på ein ansvarleg måte i handsamainga av dei spesielle problema på strekninga.

— Frå 1977 til 2001 er vi berre kjent med ei einaste trafikkulykke i den aktuelle svingen. Dette bygde Vegvesenet sin vurdering på i 2001, sjølv om det kan ha vore mindre alvorlege hendingar dei ikkje kjente til, sa Lægreid.

— Den dag i dag har dei ikkje ønske om å skilte annleis. Retten må berre akseptere dette skjønet som er utøvd, med mindre den finn det heilt graverande.

Dommarfullmektig Per Johan Askevoll i Sunnfjord tingrett er klar med dom i saka tidlegast om eit par veker.