I ein større politiaksjon vart fire personar i Austevoll pågripne i morgontimane i går. Alle fire vart deretter frakta til Bergen. Seinare på dagen vart ein av dei sett fri, medan tre sat tilbake i politiets varetekt: Ein 61-åring frå Austevoll, sonen hans i 20-åra og ein tredje person i 20-åra.

Forhold til same kvinne

Politiet meiner det var 61-åringen som hadde noko uoppgjort med 60 år gamle Asbjørn Hvidevold, som vart funnen drepen i heimen sin på Sæbøvik på Halsnøy onsdag. Og vidare at det var dei to yngste sikta som oppsøkte han drapskvelden.

– Alle tre er sikta for overlagt drap eller medverknad til overlagt drap, opplyser politiadvokat Kjetil Kvalvik.

Det betyr i klartekst at politiet meiner at drapet på den 60 år gamle Asbjørn Hvidevold på Halsnøy var planlagt.

Den sikta 61-åringen hadde eit tidlegare sambuarforhold til samme kvinna som vart sambuar med drapsofferet inntil ho drukna i 2003. Politiet veit at den eldste sikta og drapsofferet Hvidevold hadde gåande ein konflikt knytt til dette. Det skal også tidlegare ha vore direkte konfrontasjon mellom dei to. Politiet meiner at det er mot dette bakteppet drapet må sjåast når ein leitar etter motivet.

– Det har vore ei forhistorie mellom fornærma og den eldste sikta, og det dreier seg om eit forhold dei hadde til den same kvinna, stadfestar Kjetil Kvalvik overfor Bergens Tidende.

Var dei to ukjente

Politiet er også kjent med at det på folkemunne vart stilt spørsmål rundt omstenda den tidlegare sambuaren døydde under. Kvalvik kunne i går ikkje avvise at dei også vil sjå nærare på dette dødsfallet, som skjedde i 2003. Ei heller avvise at dei kan komme til å ta opp igjen den gamle saka.

– Dette kan eg ikkje seie noko om no. Inntil vidare har vi meir enn nok å henge fingrane i med denne saka, seier han.

Overfor Bergens Tidende stadfestar Kvalvik at det er ulike vitneobservasjonar som ligg bak den raske pågripinga. Han stadfestar også at dei sikta er identiske med dei to ukjende mennene Bergens Tidende fortalde var sett utanfor offerets dør og på ferja frå Halsnøy drapsnatta.

– Det er dei same to mennene, seier politiadvokaten. – Det er dei to yngste sikta som var på Halsnøy den aktuelle kvelden.

Tilstår deler av forløpet

Den fjerde som vart pågripen i går er i følgje politiet ikkje helt ute av saka, men det er ikkje aktuelt å sikte han for noko tilsvarande dei andre tre.

Politiet gjennomførte i går lange avhøyr av alle dei tre som er sikta for drapet.

– Erkjenner dei tre straffeskuld?

– Det kan eg ikkje seie at dei gjer, er svaret frå politiadvokaten.

– Men erkjenner nokon at dei var på Sæbøvik og oppsøkte Asbjørn Hvidevold i heimen?

– Dei erkjenner deler av hendingsforløpet, seier Kvalsvik.

Den 60 år gamle Asbjørn Hvidevold vart funnen i inngangspartiet av huset sitt, og dødsårsaka er ifølgje politiet stump vold.

I går avslutta Nye Kripos dei viktigaste tekniske undersøkingane, men etterforskinga av denne saka er langt frå avslutta.

– Vi har enno ei omfattande etterforsking framfor oss, seier Kvalvik.

HELGE SUNDE (foto)