Dagleg leiar i Eid kyrkjelege fellesråd, Aud-Evy Leirgulen, har rekna seg fram til at i kyrkjene Kjølsdalen og Stårheim kostar vaskevatnet levert gjennom springen 4,30 kroner literen. På femliterskanne i butikk er literprisen 3,80.

– Forbruket av vatn er så lite i desse kyrkjene at vi like gjerne kunne vaska med Farris, seier Leirgulen til Fjordabladet.

I tillegg til vassgifter for kyrkjebygga, krev Eid kommune også vassavgift frå kyrkjegardane.