Utan tanke på fåren gjekk Asle Myrvang (44) ut i det iskalde vatnet og la på sym ut mot niåringen som ropa om hjelp.

— Alle som er i god form og kan symja ville gjort det same som eg. Når du ser eit barn klamra seg til ein treplanke og ropa om hjelp ute på fjorden, må du berre gjera det du kan for å hjelpa, seier Myrvang til Bergens Tidende.

Telemarkingen som driv eige el-installeringsfirma i Eidfjord stod heime i Bergslidskora saman med kona og Asle Øydvin då raset gjekk. Først høyrde dei nokre mindre ras, og så såg dei det store koma ned fjellsida på andre sida av fjordbukta.

— Vi såg at bussen kom køyrande. Så stoppa han heilt opp, rett før rasmassane nådde vegen. Bussen vart borte i snøføyka. Vi ringde straks 112. Då snøføyka la seg, var bussen borte, fortel Myrvang til Bergens Tidende.

— Tanken på at ein slik buss kunne ha femti passasjerar var skræmande, seier Myrvang.

Han og Øydvin kasta seg i bilen og var framme ved ulykkesstaden etter tre-fire minutt. Då han høyrde ropa og såg guten klamra seg til treplanken frå ei knust hytte, om lag 40 meter frå land, vrengde han av seg sko og jakke, gjekk ut i det kalde vatnet og la på sym.

— Eg fekk guten opp på ryggen og ba han halda seg godt fast. Han verka nedkjølt og slapp. På symjeturen inn att mot land merka eg at han veikna, og eg ba han innstendig om å halda hardare. Eg var redd eg skulle missa han, men det gjekk bra.

— Sa guten noko?

— Han sa at han hadde fått av seg beltet, og eit eller anna om faren sin, men eg fekk ikkje tak i kva.

Medan guten vart teken hand om på Bygdaheimen, og seinare flydd heim til Geilo med helikopter, køyrde Myrvang heim og la seg i badekaret.

— Eg merka ikkje kor kaldt det var før eg kom i land, fortel han.

MERKA IKKJE KULDEN: - Eg merka ikkje kor kaldt det var før eg kom i land, seier Asle Myrvang, som i går resolutt kasta seg i sjøen og berga ein niåring i land etter skredulukka i Eidfjord.
Foto: Oddleiv Apneseth