Slapp. Kvalm. Diaré.

Fem tøffe pillekurar måtte til før småbarnsmora kom til hektene igjen.

— Siste månaden har vore som eit heilt nytt liv. Eg er nesten sjokkert over at det går an å vere i så bra form!

Tok av 15 kilo

Først gjekk ho lenge med plagene utan å vite kva som var gale. Det var da avisene byrja å omtale sjukdommen i oktober i fjor at ho og legane skjøna samanhengen.

— Eg var slapp, kroppen tok ikkje opp næring på normal måte og alle prøver viste unormale verdiar, fortel Bente.

— Dessutan var eg konstant kvalm.

Heime i leilegheita på Gyldenpris i Bergen krabbar vesle Hanna (13 månader) rundt på golvet, medan pappa og sambuar Vidar Hansen følgjer med. Han arbeider i Nordsjøen, slik at Bente tidvis har vore aleine heime med den vesle jenta i sjukdomsperioden.

— Det har vore tøft, eg var skranten og gjekk ned 15 kilo på det meste, fortel ho.

— Medisinane hadde diverse biverknader, blant anna vart eg gul i huda på eit tidspunkt. Også psykisk vart eg påverka, og kunne bli svimmel og få synsforstyrringar.

Stor belastning

Spesielt den siste medisinkuren var tøff, men den gjorde henne også frisk.

— No føler eg meg veldig bra. Heilt fantastisk, seier ho.

Når kreftene no har vendt tilbake, er det vanskeleg å fatte korleis ho har halde det gåande. Men ved hjelp av mann, slekt og vener har det gått i hop på eit vis.

Også byråkratiet har valda henne problem. Blant anna var det ein stri prosess å få ført svangerskapspermisjonen over til mannen da ho sjølv vart sjukmeld.

Under den siste kuren måtte ho også slutte å amme vesle Hanna.

— Det har vore eit år der eg har tatt ei kjempebelastning, og har tapt svært mykje livskvalitet og livsutfalding. Da er det litt bittert å vite at alt eg har krav på å få erstatta er utgiftene til lege og medisinar.

Likevel er det viktigaste at ho no leverer negative prøver, og at ingen av dei andre i familien er blitt smitta. Også etter tidlegare kurar har ho levert negative prøver, men sjukdommen har blussa opp igjen.

— Får eg tilbakefall no, så veit eg ikkje kva eg gjer, seier Bente Waage.

Rune Sævig