• Det er vanskeleg å følgje ein slik diett slavisk. For folk flest vil eit variert kosthald best la seg gjennomføre i praksis, seier dr. philos Livar Frøyland til BT.

— Men ingen som er opptekne av ernæring bør gå i skyttergravene. Både Lindberg og Erasmus har viktige poeng som bør takast seriøst, seier Frøyland, som arbeider ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking i Bergen.

Han meiner at den norske kosthaldsdebatten er for svart/kvitt, og etterlyser ein meir balansert diskusjon om kva folk flest bør eller ikkje bør ete.

— At for mykje karbohydrat ikkje er bra, har vi visst lenge. Det finst mykje forskingslitteratur som viser at karbohydrat omdannar seg til feitt i kroppen, seier Frøyland til BT.

— Det norske kosthaldet var tradisjonelt basert på det vi produserte her. I dag er dette bildet mykje meir komplekst og kontinentalt, og etter mi meining er det veldig vanskeleg å følgje ein skreddarsydd diett slavisk, anten den er laga av Fedon Lindberg eller Udo Erasmus.

Frøyland har sjølv forska på effekten av omega-3-feittsyrer.

— Omega-3 kan ikkje frelse verda, så enkelt er det ikkje. Men at vi treng eit visst nivå for å oppnå optimal tilstand, er det ingen tvil om.

— Er dette byrjinga på ein kosthaldsrevolusjon?

— Ja, det trur eg. Folk er meir opptekne av ernæring enn før, og vi er blitt meir bevisste på at kosthald betyr noko for utvikling av livsstilssjukdomar og overvekt.