Eit

yngre ektepar frå Samnanger omkom i brannen.

– Brannetterforsking er alltid vanskeleg, og her har vi ei heilt flat branntomt. Det gjer det spesielt vanskeleg, seier lensmann i Fusa og Tysnes, Lorentz Lunde.

I dag har politiet gjennomført avhøyr av folk som var vitne til brannen. Lensmannen vil ikkje spekulere i kor lang tid det vil ta før ein eventuelt kan få eit svar på årsaka til brannen.

Kriseleiinga i Samnanger kommune har i dag vore samla for å koordinere arbeidet vidare.

– Vi jobbar med å følgje opp dei etterlatne. Det er sorg som pregar bygda no. Vi er eit lite lokalsamfunn, og det var mange som kjende dei som omkom, seier ordførar Marit Aksnes Aase.

Fredag skulle det vore eit arrangement med Sildakongen i Nordbygda grendehus. På grunn av dødsulukka er det no avlyst, opplyser ordføraren.