Ifølgje førstestatsadvokat Jan Hoel kjente ikkje fornærma og tiltalte kvarandre, og overgrepet starta medan kvinna låg og sov.

— 40-åringen er tiltalt for seksuell omgang med nokon som ikkje er i stand til å motsette seg dette, og han brukte vald for å gjennomføre valdtekta da kvinna etterkvart vakna opp og protestert, opplyser Hoel.

Det finst ingen vitne til sjølve overgrepshandlinga, men påtalemakta har vitner som kom til like etter samt dna-spor som matchar den tiltalte.

Strafferamma i saka er på maksimalt 15 års fengsel, medan minimumstraffa er to år dersom 40-åringen blir funnen skuldig etter tiltalen.

Rettsaka startar i Fjordane tingrett førstkommande onsdag.