- Valdtok sovande gut

Ein mann i 50-åra frå Sunnfjord er tiltalt for seksuelt overgrep mot ein 19 år gammal gut. Tenåringen vakna av at den eldre mannen forgreip seg på han.

Saka kjem fram for Fjordane tingrett i slutten av neste veke. Statsadvokaten har sett 50-åringen under tiltale for å ha skaffa seg seksuell omgang med ein person som var ute av stand til å motsetje seg handlinga. Blir han funnen skuldig, kan sunnfjordingen straffast for valdtekt.

- Dette er ei svært uvanleg sak. Det er ikkje ofte slike hendingar kjem for retten, seier advokat Louis Anda som representerer den fornærma ungdommen.

- Svært krenkande
Laurdag 28. februar 2004 var den fornærma på fest i Førde. Han mangla skyss tilbake til heimbygda, men av ein kamerat fekk han tilbod om å vere med i hans bil eit stykke på vegen. 50-åringen som no er tiltalt, var sjåfør i denne bilen.

Undervegs tilbaud han ungdomen, som då var 19 år, overnatting hos seg. Tenåringen takka ja. Då dei kom fram til mannens bustad, la ungdommen seg til å sove på sofaen i stova.

Om morgonen skal 19-åringen ha vakna av at den meir enn 30 år eldre mannen har drege av han buksene og utfører oralsex.

- For min klient var dette ei svært krenkande oppleving. Han har slite tungt med det som skjedde i tida etterpå, seier Anda.

Liknar sak frå Bergen
Reint juridisk kan saka minne om den mykje omtala rettssaka frå Bergen, der ei kvinne i fjor blei dømd for valdtekt av ein mann. Også i denne saka sov mannen då kvinna utførte overgrepet.

I Gulating lagmannsrett blei den 24 år gamle kvinna dømd til fengsel i åtte månader utan vilkår. Ho måtte dessutan betale oppreising til mannen.

Advokat Ivar Blikra skal forsvare 50-åringen. Han var i går i retten i ei anna sak, og det lukkast ikkje Bergens Tidende å kome i kontakt med forsvararen.

Les også

Siste fra Lokalt

- Midtbanen? Er det langt bak?

Byrådspartiene gruset bystyrets opposisjon på Gyldenpris i går.

- Hjelpe og trøste, jeg har
vært på fem avslutninger

Før en velfortjent ferie kommer sommeravslutningene.

I praksis får hun omsorgssvikten
som godkjent valgfag på skolen

Historien om Janne: Skolen gir henne fire timer i uken med arbeid i sitt eget hjem. Der steller hun sin syke mor, og har ansvaret for lillebroren.

o Syklist påkjørt i Fana.

Skal ha hode- og ansiktsskader. Fjerde sykkelulykke på tre dager i Bergen.

Krasjet på Bryggen

Manuell dirigering på stedet.

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker