Saka kjem fram for Fjordane tingrett i slutten av neste veke. Statsadvokaten har sett 50-åringen under tiltale for å ha skaffa seg seksuell omgang med ein person som var ute av stand til å motsetje seg handlinga. Blir han funnen skuldig, kan sunnfjordingen straffast for valdtekt.

— Dette er ei svært uvanleg sak. Det er ikkje ofte slike hendingar kjem for retten, seier advokat Louis Anda som representerer den fornærma ungdommen.

- Svært krenkande

Laurdag 28. februar 2004 var den fornærma på fest i Førde. Han mangla skyss tilbake til heimbygda, men av ein kamerat fekk han tilbod om å vere med i hans bil eit stykke på vegen. 50-åringen som no er tiltalt, var sjåfør i denne bilen.

Undervegs tilbaud han ungdomen, som då var 19 år, overnatting hos seg. Tenåringen takka ja. Då dei kom fram til mannens bustad, la ungdommen seg til å sove på sofaen i stova.

Om morgonen skal 19-åringen ha vakna av at den meir enn 30 år eldre mannen har drege av han buksene og utfører oralsex.

— For min klient var dette ei svært krenkande oppleving. Han har slite tungt med det som skjedde i tida etterpå, seier Anda.

Liknar sak frå Bergen

Reint juridisk kan saka minne om den mykje omtala rettssaka frå Bergen, der ei kvinne i fjor blei dømd for valdtekt av ein mann. Også i denne saka sov mannen då kvinna utførte overgrepet.

I Gulating lagmannsrett blei den 24 år gamle kvinna dømd til fengsel i åtte månader utan vilkår. Ho måtte dessutan betale oppreising til mannen.

Advokat Ivar Blikra skal forsvare 50-åringen. Han var i går i retten i ei anna sak, og det lukkast ikkje Bergens Tidende å kome i kontakt med forsvararen.