JOHN LINDEBOTTEN

Det seier Anita Apelthun Sæle til Bergens Tidende eit par timar etter at ho er vraka frå stortingslista til Kristeleg Folkeparti i Hordaland.

Anita Apelthun Sæle sit heime i stova i Bildøybakken på Sotra. Ho har fått vita at nominasjonsmøtet på Frekhaug har vraka henne frå 1. plassen. Ingebrigt Sørfonn slo henne med 132 mot 13 røyster. Ei stund etter kom meldinga om at Laila Dåvøy hadde slått henne i kampen om 2. plassen med 103 mot 42 røyster. Knut Arild Hareide fekk den svært utsette 3. plassen, som etter galluptala nett no er utan sjanse til stortingsplass neste haust. Det gjekk nett slik nominasjonsnemnda hadde føreslått.

Utsendingane var kuppa

1. eller 2. plassen, som framleis synest sikre, var det einaste Anita Apelthun Sæle ville godta.

— Frå lokallaga i Hordaland har eg fire 1. plassar og 12. andreplassar. Det eg bad om, var ein sikker plass, altså tillit, seier ho og skjelv litt i røysta.

— Eg visste at eg ville tapa. Men eg er den moralske vinnaren. Utsendingane til nominasjonsmøtet var kuppa. Ved val av utsendingar til nominasjonsmøtet har medlemmene i lokallaga fått seg førelagt ferdige lister; - take it or leave it! seier Sæle.

Vil vera tydeleg

Ho seier at ho er «inderleg skuffa», men ho kjempar for å halda maska og framstår stridsglad og i kamphumør, slik ho vil at vi skal kjenna henne. Ho får blomar på døra, og tekstmeldingane strøymer på. Anita les opp:

«Folket ville ha deg, men byråkratane fylgde ikkje folket».

«Det er trist å sjå at eit parti på ein så tragisk måte tar livet av seg».

— Det var frå eit KrF-medlem.

— Har du gjort taktiske feil som du no tenkjer attende på og kanskje angrar på?

— Du, då eg var svært ung og nett hadde teke til å engasjera meg politisk, då fekk eg det rådet at eg måtte velja mellom det å vera tydeleg og å pakka inn meiningane mine. Eg valde det fyrste. At eg har vore tydeleg, har hindra meg i å ta vidare steg i den politiske karrieren. Eg kunne ha vore statsråd, kanskje til og med før Kjell Magne Bondevik. Men eg må få understreka at eg aldri har late meg freista. Då kunne eg like godt ha halde meg heime og dyrka poteter i hagen.

Utfordrar nei-sida

Anita Apelthun Sæle trur Kristeleg Folkeparti i Hordaland har vunne på at ho har bore fram tydelege politiske meiningar.

— Men Kristeleg Folkeparti har då eit tydeleg program. Meiner du at dei som no skal representera partiet på topp ikkje er så tydelege som programmet?

— Det vil eg ikkje seia. Men av dei tre på toppen av lista, er det to som har røysta for norsk EU-medlemskap (Dåvøy og Hareide, red. anm). Etter mi meining er dette å utfordra nei-sida i Kristeleg Folkeparti, som utgjer 90 prosent av veljarane våre i Hordaland. Partiet har og utfordra Israels-venene, som er ei gruppe i sterk vekst.

— Vil du la deg freista til å stilla på andre stortingslister?

— Det ville vore unaturleg. I så fall måtte det har vore på grunn av ei konkret sak der partiet handla stikk i strid med mitt grunnsyn. Eg har forresten betalt medlemskontingenten til partiet for neste år.

Mange tilbod

— Kva planar har du for framtida?

— Eg er 50 år og har vore folkevald i 26 år. I det siste har eg fått mange tilbod, m.a. frå Nei til EU, frå næringslivsorganisasjonar og andre. Eg er nok ikkje ferdig med politikken, for det er mange måtar å driva politikk på. Men det skal verta godt å få mykje fri, slik at eg kan ta meg meir av alle dei her heime som eg er glad i.

— Vil du prøva å koma attende på Kristeleg Folkeparti si stortingsliste for Hordaland om fire år?

— Det vert ei heilt anna skål.

SLÅTT, MEN IKKJE UTSLÅTT: - Eg er ikkje ferdig i politikken. Det er mange måtar å driva politikk på, seier Anita Apelthun Sæle.<p/>FOTO: KNUT STRAND