• For oss finst det ikkje alternative friluftsområde i fjellet. Ikkje for skulen eller barnehagen heller!

ARNE HOFSETH

Linda Lien i «Bevaring av Vaksdalsvassdraget» (BAV) gav grei beskjed under folkemøtet om vassdraget si framtid.

Avansert byråkrati

Objektive kriterier står mot subjektive i spørsmålet om vern av Vaksdalsvassdraget mot kraftutbygging. Dei frammøtte fekk innsikt i byråkrati på høgt plan då Kjell Hegna hjå Fylkesmannen i Hordaland forklarte kvifor han ikkje hadde greidd å plassera Vaksdalsvassdraget i ein kategori som gir automatisk vern.

Ut av virvaret av kriterier, poeng, vekting, grupper, klasser og kategoriar, kunne han dra denne konklusjonen:

— Utbyggingskostnadene er så låge at det berre er tale om vern dersom det ikkje finst alternative friluftsområde i regionen. Og regionen femner vidare enn kommunen.

BAV har liten sans for at bygdefolk, skuleborn og barnehage skal reisa ut av bygda, kanskje også ut av kommunen for å finna friområde.

Til Samnanger

BKK er på jakt etter meir vatn til fornying av Frøland kraftstasjon i Samnanger, eventuelt ein ny kraftstasjon i Aldalen heilt nede ved fjorden (30 meter høgare fall).

Selskapet har sett nærare på fire nedslagsfelt som til no ikkje har vore vurdert i Samla Plan, - ei vurdering som avgjer om vassdraga skal vernast direkte, eller om kraftutbyggarane får lov til å søka om utbyggingsløyve (konsesjon). Vatnet frå dei fire felta renn i dag mot Dale (via Bergsdalen), Vaksdal, Norheimsund (via Steinsdalsfossen som også kan sjåast frå baksida) og Øystese.

Frå alle fire kantar er det kome protestar mot redusert vassføring, og ulike konsekvensar i bygdene. BKK kan nytta vatn frå eitt eller fleire av felta, uavhengig av kvarandre.

Tidleg fase

BKK har no laga ei utgreiing for Samla Plan. Det vil ta mellom fire og åtte år før det kan bli aktuelt å søka om konsesjon.

— Lokal motstand kan føra til at BKK droppar planane, slik det vart gjort i Rasdalen ved Bolstadøyri, sa Ingvald Midthun, som greidde ut om prosjektet for BKK.

Vaksdal kommunestyre skal uttala seg om utgreiinga seinare denne månaden. Ordførar Øivind Olsnes (H) ville ikkje røpa standpunktet sitt, men understreka at 15 prosent av kommunalt tenestetilbod er finansiert av tidlegare kraftutbyggingar. Sist sa kommunen at dei har ytt nok til storsamfunnet, og fekk verna Hesjedalsvassdraget. Men dei som no er folkevalde er ikkje bundne av dette, sa ordføraren.

Vinsten ut or bygda

Ein kompliserande faktor på Vaksdal er dei to kraftverka til tidlegare Vaksdal Mølle, nyleg oppkjøpt av Grønn Kraft AS. Dei produserer i dag vel 26 GWh. Flyttar BKK vatn over til Samnanger, der det gjer meir nytte for seg, blir produksjonen på Vaksdal halvert. I Samnanger går vatnet gjennom kraftstasjonane Kvittingen, Grøndal og Myra før det kjem til Frøland, som eventuelt vert avløyst av ny stasjon på Frøland eller Aldalen. Dermed blir netto auke 52,3 GWh.

— Dette er det Samnanger og aksjonærane i BKK som vinn på, ikkje Vaksdal, lydde kommentaren på folkemøtet. Og ordføraren var tydeleg på at det måtte leggast pengar i potten, skulle Vaksdal eventuelt seia ja.