• No må regjeringa setje seg ned med Hydro og høyre kva rammevilkår dei vil ha. Næringsminister Ansgar Gabrielsen må vakne.

Høyanger-ordførar Kjartan Longva høyrde i går leiinga i Hydro Aluminium fortelje at 130 Hydro-tilsette og 120 arbeidarar i leverandør og vedlikehaldindustri går tapt, dersom Søderberg-omnane i Høyanger blir stengde ned. Totalt vil altså 250 arbeidsplassar forsvinne. I tillegg kjem også ringverknader til andre deler av samfunnet.

Longva meiner den særnorske CO2-avgifta som skal innførast frå 2005, for lite tilgang på kraft og for høg kraftpris er dei viktigaste rammevilkåra Hydro vil ha endra, før dei vurderer modernisering av dei gamle aluminiumverka.

Blir lagt brakk

— Det er på tide dei som styrer dette landet set seg ned ved same bord som Hydro, og diskuterer kva som må til for at ikkje to lokalsamfunn og ein heil region blir lagt brakk, seier Longva.

For så dramatisk meiner Høyanger-ordføraren det er, dersom Søderberg-omnane blir slått av i Årdal og Høyanger.

— Trass alt er næringsminister Ansgar Gabrielsen per dags dato største aksjeeigaren i Norsk Hydro, påpeikar ordføraren.

Onsdag fekk årdølene vite at 600 arbeidsplassar vil forsvinne der, om det ikkje blir modernisering. I går var turen kommen til Høyanger for toppleiinga i Hydro Aluminium, som i desse dagar besøkjer vestlandsverka for å informere om konsekvensutgreiingane som er utarbeidde. Og dei Hydro-tilsette i Høyanger fekk høyre same versjon som kollegaene lenger inne i Sognefjorden dagen før:

Modernisering er uaktuelt no. Men Hydro vil satse på å drive Søderberg-anlegga så lenge som råd. I praksis betyr det til mot slutten av 2006.

Klappe saman

— Det som kom fram i dag har vi visst ei god stund. I alle fall sidan Eivind Reiten gjekk ut av handelshøgskulen i Bergen 12. mai, kommenterer Longva.

Om fleire arbeidsplassar forsvinn i Årdal, er konsekvensane kanskje vel så dramatiske for Høyanger. Grunnen er at verket er langt mindre.

Og analysen som blei lagt fram på allmøtet i går, viser også veldig tydeleg kor avhengige Høyanger er av hjørnesteinverksemda. Prosjektgruppa som står bak utgreiingane, meiner at dersom Hydro skulle bli tvinga til ei rask nedstenging, vil store deler av Høyanger-samfunnet klappe fullstendig saman. Mellom 900 og 1000 arbeidsplassar vil då forsvinne.

Men også ved ei modernisering vil mange arbeidsplassar gå tapt i Høyanger. Utgreiingane som blei lagt på bordet i går, viser at dersom Søderberg-hallen blir erstatta med moderne produksjonsteknologi, vil talet på tilsette likevel gå ned med 70-80 i aluminiumproduksjonen.

— For Høyanger er også dette alvorleg. Vårt mål er å få erstatta desse arbeidsplassane, seier Longva.

I dag dreg toppleiinga i Hydro Aluminium vidare til Karmøy, det tredje vestlandsverket som produserer aluminium med Søderberg-teknologi. Også der skal ein tilsvarande rapport presenterast. Truleg blir signala omtrent dei same som i Sogn.