— Berre tull. Dette er noko VG har funne på, seier Gunnar Skjølberg, leiar for nominasjonsnemda i Sogn og Fjordane SV.

Bård Vegar Solhjell er fødd og oppvaksen i Naustdal i Sunnfjord, men har no budd ei årrekke i Son i Akershus. Ettersom han ikkje kan vere heilt sikker på å kapre førsteplassen der, meiner VG at han vil finne nåde i Sogn og Fjordane dersom behovet skulle melde seg.

— Den diskusjonen får vi ta dersom det blir aktuelt. Så langt er dette berre spekulasjonar, seier Gunnar Skjølberg på telefon frå utlandet. - Vi er ikkje ferdige med vår nominasjon enno, men dette har ikkje vore tema i det heile så langt.

Som eventuell listetoppkandidat i Sogn og Fjordane må Solhjell ta kampen opp med regjeringskollega Heidi Grande Røys. Og med den velgaroppslutninga partiet har hatt i det siste, er ein eventuell topp-plass i Sogn og Fjordane langt frå nokon garanti for eit stortingssete.

KUNNSKAPSMINISTER: Bård Vegar Solhjell (SV)
SCANPIX