Mannen er dømt til fengsel i seks år utan vilkår for å ha beordra sonen (27) og kameraten hans (20) til å banka opp 60 år gamle Hvidevold, ei gjerning som fekk ein fatal utgang.

– Eg er i sjokk. Dette er heilt uverkeleg og dommen vert sjølvsagt anka, sa 62-åringen då BT ringde han opp og gjorde han merksam på domsslutninga fredag morgon.

Sonen og kameraten fekk 13 og 4 års fengsel utan vilkår – høvesvis for forsettleg drap og medverknad til forsettleg drap. 27-åringen si straff er eitt år kortare enn den statsadvokat Benedicte Hordnes la ned påstand om. Dei to andre straffeutmålingane er i tråd med det ho bad om.

«Knusing av kneskåler»

Retten finn det prova ut over rimeleg tvil at faren bad sonen om å oppsøkja Hvidevold for å få han til å tilstå drap på Bente Bjørgen. Dette er ein tidlegare kjæraste av både 62-åringen og Hvidevold som vart funnen drukna på Austevoll i oktober 2003. Retten finn det også prova at det var føresett at det skulle brukast grov vald for å pressa sanninga ut av Hvidevold.

«Han (62-åringen, red. anm.) skulda Hvidevold for å ha drepe Bjørgen, og hadde i sterke ordelag hevda at nokon burde få han til å tilstå dette. Han gav også uttrykk for at det kunne nyttast vald mot Hvidevold, til dømes knusing av kneskåler og at han burde vore tatt av dage», skriv sorenskrivar Knut Gramstad i dommen.

Pengane dei to unge mennene fekk av 62-åringen dagen etter drapet – til saman 12.000 kroner – ser retten på som vederlag for fullført oppdrag.

Førehandsdømt

Retten sin konklusjon står i sterk kontrast til 62-åringen sin eigen oppfatning. Heile tida i løpet av den 14 dagar lange rettssaka trudde han på full frifinning for seg sjølv.

– Ja, det legg eg ikkje skjul på eit sekund. Alle som følgjer litt med i timen bør skjøna at eg ikkje hadde nokon ting med Asbjørn Hvidevold sin død å gjera. Foreldre kan ikkje straffast når borna deira finn på noko på eiga hand. Det er vel sjølvsagt, seier han.

27-åringen var også heile vegen klar på at faren ikkje hadde noko med drapet å gjera.

62-åringen fortel at han har følt seg førehandsdømt, både heime på Austevoll og i media.

– Eg las aviser under heile rettssaka og mykje av det som vart skrive om meg var direkte feil. Dei positive sidene vart pakka inn og gøymt. Det er soleklart at dette har påverka dømekrafta til dommarane, seier han.

Han tykkjer også at straffa til både sonen og kameraten er altfor hard.

– Gjerninga til sonen min kan ikkje forsvarast. Men det må ha vore noko som provoserte han til å gjera det han gjorde. Ein snill og god gut sit ikkje og snakkar med ein mann i ein time, for så å slå han i hel med eit balltre. Eg tykkjer det er urettferdig at han må sitja så lenge i fengsel. Straffa burde ha vore redusert, ettersom det er hard nok straff for ein ung mann å vita at du har slått i hel eit anna menneske. Hadde politiet dessutan sjekka dødsfallet rundt Bente Bjørgen på ein skikkeleg måte i utgangspunktet, hadde aldri noko av dette skjedd, slår han fast.

Trippel anke

Alle dei tre domfelte har bestemt seg for å anka saka inn for Gulating lagmannsrett.

– Det vert gjort på bakgrunn av at me meiner dommen er feil. Så mykje meir er det ikkje å seia på noverande tidspunkt, seier 62-åringen sin advokat, Nina Monssen.

Også 27-åringen meiner han er feilaktig dømt.

– Det var ikkje intensjonen hans at Asbjørn Hvidevold skulle døy av skadane han fekk, opplyser advokat Karen Forbrigd.

Også 20-åringen sin advokat, Odd Arild Drevland, manar til ny kamp.

– Både eg og klienten min er overraska over at han er dømt for medverknad til forsettleg drap. Isolert sett så er dommen mild. Men på bakgrunn av klienten min si rolle så er den uriktig, og me har ingenting å tapa på å anka. Mulegheitene for å nå fram ser eg på som gode, seier Drevland.

HAR FØLT SEG FØREHANDSDØMT: ¿ Foreldre kan ikkje straffast når borna deira finn på noko på eiga hand. Det er vel sjølvsagt, seier 62-åringen som er dømt til fengsel i seks år. Her er han saman med advokat Nina Monssen.ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ
JAN M. LILLEBØ