– Før me fekk ambulansen blei me køyrd med stasjonsvogn og helsepersonell nærmast liggjande over oss i lasterommet. Det var heilt uverdig. Luftambulanse er vel og bra, men den kan ikkje landa utfor kvart eit hus, seier Fosse.

Han bur 3,5 kilometer frå kaien på Borgundøy og støtter taxieigar Sverre Johnny Bjellebø i kampen for å få registrert ambulansen som bårebil.

– Tek ikkje liv og død på dugnad

– Det er ikkje snakk om eit utrykkingskøyrety, berre ein tilførslebil, kommenterer Fosse. Han minnest godt korleis dei hadde det før i tida.

– På slutten av 60-talet blei sjuke frakta under presenning på dekket på mjølkebåten. Me lever i 2005. Eg meiner me har levd lenge nok med halvvegs og ulovlege løysingar. Me har rett til å leva me óg. No må Helse Fonna ta ansvar, seier Fosse.

Hanne Lise Berge i Bygdelaget er fortvila over situasjonen.

– Det er mykje me kan gjera på dugnad her ute, men når det gjeld liv og død, må grensa gå. Då må me ha eit skikkeleg opplegg, seier Berge.

– Godkjenn bil eller bru

Det er kring 120 fastbuande på Borgundøy og 15 på naboøya Fjelberg. I sommarhalvåret blir talet fordobla med feriegjester. Kommunelege I i Kvinnherad, Oddvar Larsen, forstår frustrasjonen. Han har sjølv vore med på båretransport i stasjonsvogn og i lasterommet på ein varebil.

– Dette er ikkje lovleg, og eg forstår godt at folk på Borgundøy er frustrerte. Men regelverket set bom for fornuftige løysingar, seier Larsen. Han meiner det må la seg gjera å få godkjent ein bil som tilførslebil, elles må det byggjast bru.

– Ifølgje dei nye forskriftene er krava til ambulansar så høge at me når ikkje opp, men behovet for tilførslebilar er stort på mange små plassar. Dette gjeld ikkje berre Borgundøy, seier legen.