Han meiner debatten om kommuneøkonomien er ein god illustrasjon på vanskane partia har i fylket:

— Det er eit misforhold mellom regjeringa og Erna Solbergs formuleringar om at det står bra til, og korleis folk flest opplever kommuneøkonomien. I eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane fører dette til store utslag, seier Grepstad.

Han ser likevel ikkje vekk frå at den lokale uroa i Høgre og KrF også kan vere medverkande til den dårlege målinga for dei to partia:

— Truleg gjer desse faktorane seg gjeldande no. Men normalt vil det gli over og bli mindre markert fram mot valet.

Grepstad er noko overraska over at Senterpartiet ikkje ligg høgare, men viser til at partiet har tradisjon for å mobilisere og gjere gode valkampar. Samstundes peikar han på at Frp mange gonger har vore høgt oppe på målingar, men opplevd tilbakeslag valnatta.

Sogn og Fjordane er ikkje ukjende med mobiliseringar på valdagen. Dette kan skje både i forhold til saker og enkeltpersonar.

— Dersom dette skjer i ein større kommune eller region, vil det gje store utslag på valresultatet for heile fylket, seier Grepstad.