— Det har vore tungt å koma til semje i denne saka, så det er skuffande at ho no vert utsett, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF).

Ho seier det no er umogleg å seia når saka vert ferdighandsama. Eigentleg skulle ho opp i Stortinget i løpet av våren.

— Kanskje må ein no tenkja seg om og gjera dette om til eit riksvegprosjekt. Men då må ein omprioritera og få saka opp på nasjonal transportplan. Uansett bør Stortinget koma på bana med ekstramidlar, seier ho.

Også dei som står bak Hardangervegen AS er skuffa. Dagleg leiar Eilev Instanes seier at det er synd at moglegheita til å ta saka til Stortinget glapp.

— Dette var ei uventa og trasig løysing, seier han.

Varaordførar i Jondal, Sigrid Brattabø Handegard (Sp), tek endå hardare i.

— Dette er eit utruleg skuffande vedtak, og eit stort skot for baugen for samarbeidet på Folgefonnhalvøya. Me hadde håpa og trudd at Kvinnherad ville vera med vidare.

ARKIV