— Går dette bra då? Er det mykje svinn?

-Nei, det er minimalt, kanskje eit par hundrelappar i året, fortel fruktbonde Tomas Hesthamar til bt.no.

Hesthammar har garden sin på Hesthammar mellom Utne og Jondal. Mange reisande køyrer dagleg forbi dei små fruktbuene.

- Lappar i glaset

Hesthammar fortel at det og stundom er lappar i glaset. Folk fortel kor fantastisk det er at dei kan betala for frukta på denne måten.

– Det er utruleg at det gjeng, skreiv ein kjøpar. På lappane takkar dei og for servicen, kvaliteten på frukta og den utrulege gode smaken, seier Hesthamar.

Det hender og at det ligg meir pengar enn det skal i glasa, og i mange ulike valutaer.

Minus på to plommekorger

Ein annan fruktbonde fortel til bt.no at han i fjor berre hadde eit svinn på betaling av to plommekorger. Det er ikkje mykje om ein ser det opp mot kostnadene med å ha folk sitjande for å ta i mot betaling for frukta.

I løpet av eit år hender det at nokon tek eit raid og tømmer mange av fruktglasa, men i den store samanheng betyr det lite.

- Gjer meg trua på menneske

I 2002 gjekk FN sin generalsekretær Kofi Annan i den norske fjellheimen. Annan vart storleg imponert av systemet med dei sjølbetente turisthyttene.

— At eit slikt system kan fungera gjer meg trua på menneske, sa ein rørt Kofi Annan den gongen.

Informasjonssjef Merete Habberstad i Den Norske Turistforeningen fortel at Annan hadde lyst å invitera med seg heile sikkerhetsrådet i FN for å oppleva dette unike systemet. Eit system som er unikt i heile verda.

- Rett i lomma

Den Norske Turistforeningen har 436 hytter, av dei er 159 sjølvbetente

— Det har vert svinn frå nokre hytter, men det er ikkje meir svinn ein må rekna med. Det er ikkje eit aukande problem. Vi hadde litt problem ei tid med Rett i koppen-posar, hos oss gjekk dei då under namnet Rett i lomma. Dette har vi fiksa opp i, seier Habberstad.

Skurk frå Bergen

I all hovudsak fungerer det tillitsbaserte systemet godt.

— Vi hadde ein del problem med svinn då Vandraren gjekk i Skarvheimen (mellom Finse og Fillefjell). Då forsvann det ein god del matvarer og ved, fortel informasjonssjefen.

Ein vandrande bergensk skurk er ikkje nok til å øydeleggja eit unikt system. Og i Sørfjorden i Hardanger er ærlegdom framleis ein dyd hos dei vegfarande.

PÅL ENGESÆTER (MMS)
PÅL ENGESÆTER (MMS)
PÅL ENGESÆTER (MMS)