«(...) Det eine sparket i leggen til fornærma står i rimeleg forhold til den provokasjonen tiltalte vart utsett for, og han bør såleis frifinnast», heiter det i dommen frå Sogn tingrett.

Politiet — som i retten la ned påstand om at mannen skulle idømmast 60 dagars fengsel på vilkår, 5000 kroner i bot og 135.000 kroner i oppreising til kvinna - har bestemt seg for ikkje å anke dommen.

Delvis påkledd

Det var hausten 2004 at kvinna fortalde ektemannen at ho skulle besøke ei venninne i nabokommunen. Sanninga var at ho reiste til Bergen og tilbrakte helga der saman med mannen ho no bur saman med.

Da ho kom heim om søndagen, fortalde ho ektemannen at ho hadde funne ein ny og ville bryte ut av ekteskapet. Ho skal dessutan ha sagt at ho hadde hatt den finaste helga på mange år.

Da han høyrde dette, gjekk ektemannen bort til henne og gav henne eit spark på leggen. Dette var både tiltalte og fornærma samde om i retten.

Kvinna forklarte i tillegg at han hadde sparka henne fleire gonger på låret og bak, noko mannen nekta for at hadde skjedd.

Meir enn to månader etter dette, midt i desember 2004, oppsøkte tiltalte kvinna på hennar bustad. Han visste ikkje at ho hadde fått seg ny sambuar, og reagerte sterkt da denne kom inn i stova frå soverommet delvis påkledd.

Tiltalte skal ha blitt så provosert at han ifølgje tiltalen skal ha spytta på eks-kona og dytta henne idet han forlèt huset.

I retten vart spyttinga funne bevist, men ikkje dyttinga.

Spytta i ansiktet

Dermed ein samla rett at tiltalte både er skuldig i å ha sparka eks-kona ein gong og at han har spytta henne i ansiktet ein gong.

Men mindretalet i retten, dei to lekdommarane, meiner at tiltalte vart så krenka og provosert i begge tilfelle at reaksjonen står i rimeleg forhold - og at han dermed bør frifinnast for desse lekamskrenkingane. Fagdommaren, sorenskrivar Harald Hjermann, kom dermed i mindretal med sitt syn på at mannen skal domfellast for eitt slag og eit spytt.

Vidare var mannen tiltalt for å ha truga kona med å kaste henne ut av huset, låse henne ute, tatt frå henne telefonen da ho ville ringe politiet og sagt at ho ikkje skal føle seg for trygg. Vidare skal han ha sagt at han angra på at han ikkje slo henne hardare og i ansiktet slik at ikkje eingong mor hennar ville kjent henne igjen.

Alt dette skal etter tiltalebeslutninga ha skjedd i fjor haust etter at ho hadde bestemt seg for å bryte ut av ekteskapet.

Ein samla tingrett viser til at det ikkje er lett å danne seg eit klart bilde av desse ulike situasjonane, og konkluderer med at dei ikkje kan provast godt nok.

Null erstatning

Det at tiltalte vart frifunnen for straffeskuld på alle punkt i tiltalen, er i teorien ikkje til hinder for at han kunne bli dømt til å betale eks-kona erstatning og oppreising.

Men heller ikkje her vann den fornærma eks-kona fram i tingretten.

Grunnlaget for kravet om inntektstap var at ho strauk til sin høgskuleeksamen på grunn av tiltalte sine handlingar, og at ho dermed kjem eitt år seinare ut i lønna arbeid.

Men retten ser ingen samanheng mellom tiltaltes handlingar og det at ho ikkje bestod eksamen. Retten finn det truleg at samlivsbrotet og uroa rundt det kan ha verka negativt inn på studiane, men retten ser ikkje dette i samanheng med tiltaltes handlingar.

Heller ikkje kravet om erstatning for ikkje-øknomisk skade (oppreising) nådde kvinna fram med. Her nemner retten mellom anna at «tiltalte hadde grunn til å kjenne seg provosert» og at dette også tilseier at oppreising ikkje blir tilkjent.

Politiet ankar ikkje

Politiadvokat Nanna Aaby ved Sogn og Fjordane politidistrikt er ansvarleg for denne saka. Ho var forhindra frå å møte da saka gjekk for retten, og var der representert av ein kollega.

Tysdag denne veka beslutta ho å ikkje anke dommen frå Sogn tingrett.

— Dette gjer eg ut frå ei heilskapsvurdering, og det betyr ikkje at eg er samd i dommen. Etter mitt syn inneheld dommen fleire feil, seier ho til Bergens Tidende.

— Kva konkrete moment gjer at du ikkje vil anke?

  • Vi snakkar om ei sak der det ikkje er tale om spesielt grov vald. Prosessøkonomi er også eit moment. Dessutan skal vi vere klar over at retten har fått seg førelagt dei konkrete bevisa i saka, og ut frå dette har gjort ei vurdering som kan vere vanskeleg for oss å sjå utanfrå.

Aaby erkjenner likevel at dommen for utanforståande kan sjå noko underleg ut.

— Det er viktig å understreke at denne dommen på ingen måte er prinsipiell, og den vil ikkje få betydning for andre saker. Dette er ingen dom som gjev valdsutøvarar større handlefridom, seier politiadvokat Nanna Aaby.