• Korleis skal vi marknadsføra Utne og hotellet vårt utan ferja? Kristine Hesthamar ser rådlaust framfor seg. Om fem-seks år kan det vera slutt.

Kristine Hesthamar, som driv Utne Hotel, kan saktens vera rådlaus. Dersom Hardangerbrua vert bygt, kan beinharde realitetar tvinga fylke og stat til å skjera kraftig ned på ferjesambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik. Då kan Utne, den gamle kulturstaden, med hotell frå 1722, verta ein stad der det berre er mogleg å koma til, men ikkje ifrå.

Det var dette spøkjelset som var tema for folkemøtet på Hauso i går, ti minuttars køyretur frå Utne. Og folk engasjerer seg. Samfunnshuset var sprengfullt. Det som mangla var politiske talspersonar frå fylkeskommunen, frå Statens vegvesen og frå sentrale styresmakter i Oslo.

— Vi skal kjempa

Det vert i tynnaste laget berre å by fram lokale toppolitikarar frå Ullensvang herad.

— Men vi skal kjempa for å halda oppe ferjesambandet. Både Kvanndal-Utne og Utne-Kinsarvik, seier ordførar Solfrid Borge, som representerer Senterpartiet. Ullensvang vestside har 1300 innbyggjarar, innpå 40 prosent av innbyggjartalet i Ullensvang herad.

— Vestsida av heradet vårt er avhengig av godt samband over fjorden for sambandet til Voss og til Bergen. Og sjølvsagt treng vi halda opp det indre sambandet i heradet, mellom Utne og Kinsarvik. Då er det klårt at eit samband berre med båt som ikkje kan ta bilar langt frå er godt nok, seier Solfrid Borge til Bergens Tidende.

- Er tala rett?

— Men no viser talmaterialet omkring Hardangerbrua at brua kan ta så mykje som 400 av dei 600 bilane som dagleg reiser med ferja Kvanndal-Utne-Kinsarvik. Kan det då forsvarast å halda opp ferjesambandet slik det er i dag, med to ferjer?

— Det er då ingen som veit om det talet er rett.

— Men om det skulle vera rett, kan Ullensvang leva med at ferjene går til dømes annankvar time Utne-Kvanndal, mot ca. ein gong i timen i dag?

— Det får vi sjå på dersom trafikktala går den vegen. Men ferjesambandet er heilt avgjerande for å halda heradet samla. Vi vil stå på for fullt for at ferjesambandet skal halda fram like godt som no også etter ar Hardangerbrua er bygt.

Heradet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal leggja fram ei sak for heradsstyret. Gruppa skal knyta til seg fagpersonar m.a. frå Statens vegvesen.

Naturleg stoppunkt

Kristine Hesthamar er uviss på korleis ho skal marknadsføra Utne Hotell dersom staden vert verande ei bakevje berre for særleg interesserte.

— 2005 var det beste året for oss sidan 1990. No er vi i ferd med å gjennomføra ei stor oppussing. Vi har stengt i vinter for å gjera alt ferdig. Alle rom har fått nytt bad. Vi har nytt kjøkken. Salongane er nye. Det har kosta mange millionar. Vi er avhengige av eit godt ferjesamband for å overleva. Vi er ikkje eit hotell for turbussar. Vi lever av individuelle turistar som kjem i sine eigne bilar. For mange av dei er Utne eit naturleg stoppunkt til neste dag eller lenger på grunn av ferja, seier Kristine Hesthamar.

Helsar brua velkomen

— Utgangspunktet for dette møtet, er at Hardangerbrua skal byggjast, sa møteleiar Torgils Jåstad ved innleiinga til folkemøtet i går. Jåstad høyrer til vestsida, og var ordførar og bruskeptikar då Hardangerbrua fall i Stortinget i 1996.

— Eg syrgde vel ikkje tungt nok, sa han som merknad til at han måtte gå som ordførar ved fyrste valet etter brunederlaget.

Den gongen, for ti år sidan, syntest brumotstanden på vestsida av Sørfjorden å vera meir oppe i dagen enn no. På møtet i går understreka dei som tok ordet at dei ikkje var brumotstandarar.

— Vi helsar Hardangerbrua velkomen. Men ho må ikkje riva grunnen bort under Ullensvang vestside. Det må ikkje verta slik at Hardangerbrua skapar vinnarar ved at nokon andre vert taparar, sa Sjur Jåstad.

— Vi må få med ferjesambandet vårt som merknad i stortingsvedtaket om Hardangerbrua, sa Einar Lutro, som er styreleiar i Hardangerbrua AS. Han fekk støtte frå Kåre Grønnsnes, som la vekt på at ordførar Solfrid Borge er partifelle med samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

KAMP FOR FERJA: Det var svært godt frammøte på Hauso skule i går. Ordførar Solfrid Borge lova sine sambygdingar på Ullensvang vestside at ho skal slost for å halda oppe eit fullgodt ferjesamband etter at Hardangerbrua er bygt.
BJØRN ERIK LARSEN