• Mamma, er Sissel Kyrkjebø skilt? Spørsmålet fekk nyleg ei mor på Voss frå barnet sitt.

JAN STEDJEjan.stedje@bt.no

— Ungen hadde sett på den sexfokuserte seansen i reklamen for musikkvideoen til Sissel Kyrkjebø. Og vart forskrekka, fortel Kari Berit Vethe.

Ho er leiar for 13 lag i Vossegruppa av Norges Kvinne- og Familieforbund. Vossegruppa har no sendt brev til statsrådane Karita Bekkemellem Orheim og Ellen Horn der ein tar kaftig avstand frå sexfokusering i reklamen.

— Reklameinnslaget om Sissel og songaren Espen Lind var berre eitt av mange eksempel. Vi reagerer på reklame krydra med blotting, samleie- og sexfokuserte rørsler som ikkje har noko å gjera med det ein reklamerer for, seier Vethe.

— Reklamen for musikkvideoen til Sissel viser etter vårt syn ei usømeleg sexfokusert framferd, frå ei kvinne og mor, saman med ein mannleg songar.

— Me vil på det sterkaste oppmoda statsråden om å koma i samtale med tv-media for å få dei til å syna større ansvar for korleis barn og unge skal påvirkast gjennom desse media, heiter det i brevet til dei to statsrådane.

Vald og seksuelt misbruk - Før var det reine voldsepisodar som var "in" på TV-skjermen, no blir det meir og meir tendens til å vri mot sexfokuserte scener. Kva skal barn og unge tru når dei for eksempel ser kvinner som reine sexobjekt, ofte med voldelege innslag i tv-ruta? spør Vethe.

Bekkemellem ser på saka - Kvifor er det så galt å vise ein så naturleg ting som sex i tv-ruta?- Ingenting er galt med sex på tv. Men dei som er ansvarleg må sørge for at desse innslaga kjem i tv-ruta på sein kveldstid når borna er i seng, sier Vethe. - I familedepartementet får BT opplyst at brevet frå Vossegruppa er til politisk behandling. Det betyr at Karita Bekkemellen Orheim ser på saka. - Vi er spente på svaret, seier Vethe.

SEXFOKUSERT? - Reklamen for musikkvideoen til Sissel viser etter vårt syn ei usømeleg sexfokusert framferd, frå ei kvinne og mor, saman med ein mannleg songar, meiner Kvinneforbundet på Voss. (ARKIVFOTO: SCANPIX)