— Han har sagt at han vil ta på seg skulda uansett, sjølv om det ikkje var han som slo, forklarte 31-åringens svoger da han vitna onsdag ettermiddag.

— Kvifor ville han ta på seg skulda? ville 31-åringens forsvarar, Vegard Austgulen, vite.

— Det var eit slags kameratskap eller noe, svara 31-åringens svoger, som hadde diskutert saka med han i tida etter valdsepisoden som skjedde i Florø i august i fjor.

Forklaringa er i tråd med kva aktoratets hovudvitne hadde forklart tidlgare på dagen. Offerets sambuar var til stades da dei fire mennene kom inn i husværet og mishandla mannen, og forklarte at det var ein litt eldre kamerat av 31-åringen som slo.

Fem menn sit på tiltalebenken i Sunnfjord tingrett, sikta for å ha vore med på særs grov mishandling av ein mann som låg og sov i eit husvære.

I avhøyr har 31-åringen oppgitt som motiv at han blant anna tidlegare skal ha blitt seksuelt misbrukt og plaga av offeret.

32-åringen politiet meiner er hovudmannen bak mishandlinga, nektar all straffeskuld. Han er fast medlem av mc-klubben der 31-åringen, som altså tar på seg skulda, er prøvemedlem.

I retten onsdag vitna også ein nabo av offeret, som sa ho ringte politiet om husbråk tidlegare på natta. Ho var livredd, og politiet lova å komme straks. Men i staden gjekk tida, politiet kom ikkje, og den grove mishandlinga skjedde 45-60 minuttar seinare. Først lenge etter at mishandlinga hadde skjedd og ambulanse var på staden, dukka politiet opp.

Vitnet fann det også påfallande at ho ikkje er avhøyrt av politiet i ettertid.