Styret i Helse Førde har mellom anna avgjort å fjerne den døgnbaserte ambulansetenesta i Balestrand. Høyanger-ambulansen skal i staden dekke nabokommunen.

— Vi finn dette medisinsk uakseptabelt, seier leiar i legeutvalet, Bjørg Aamot, i ei pressemelding.

Utvalet meiner utrykningstida blir altfor lang. Høyanger-legane kritiserer også at vedtaket er gjort utan høyring mellom brukarane og ambulansepersonellet.

— Måten vedtaket er gjort på vitnar om import av uskikkar vi er lite tente med, heiter det.