• Politiet har gjeve eit vrengjebilete av gamalostfestivalen i Vik. Dei er lønna av oss under festivalen, men har vore mildt sagt uforsiktige overfor pressa.

Det er festivalleiar Eivind Helleland som seier dette til bt.no.

Gamalostfestivalen gjekk av stabelen i Vik denne helga, og både laurdag, sundag og måndag er fylte opp av ulike konsertar og arrangement.

Helleland er svært lei seg for det som vart sagt til bt.no frå lensmannskontoret i Vik sundag 8. juni, men særleg kritiserer han operasjonsleiar Einar Vereide ved Flora politistasjon, som skal ha brukt uttrykket «svineri» om gamalosten.

Bakgrunnen var rapportar frå Vik lensmannskontor om fyll, urinering på offentleg stad og slagsmål i Vik laurdag kveld.

Ved lensmannskontoret i Vik har dei sagt til bt.no at dei skal vera glade når gamalostfestivalen er over, og at dei kvir seg til neste gong.

— Det samme hver helg

— Eg har sagt til lensmannen i Vik at det som har førekome av fyll og anna i helga, det kan han sjå kvar einaste helg i Vik, om han kjem seg ut. Sjølv hadde vi nattugler (natteravnar) ut, og dei fann ingen ting uvanleg å rapportera.

I Vik finst det dessutan ingen offentlege toalett, så då er det ikkje til å undrast over at nokon må løysa problemet utandørs, seier Eivind Helleland, som først og fremst vil snakka om sjølve festivalen.

Vellukka

— Gamalostfestivalen har vore kjempevellukka. Det er faktisk den beste vi har hatt. Vi har hatt utruleg gode fagseminar, alle arrangement har hatt fullt hus og vel så det, og sundag morgon hadde vi bortimot 2 000 frukostgjester.

Fotballspelarar frå Sogndal har hatt fotballskule, og rekrutteringslandslaget i skiskyting har konkurrert på rulleski i Vi sentrum.

Det einaste vi finn grunn til å vera litt leie for, er at vi ikkje kom opp i hundre deltakarar i triatlonkonkurransen sundag, seier Eivind Helleland.