— Folk er sløve, og tenkjer ikkje over konsekvensane av å ikkje beskytta seg mot kjønnssjukdommar. Den store skrekken for unge jenter er å bli gravid, ikkje å få klamydia. Slik trur eg det er for gutane også, seier Melby.

— Folk har høyrt om klamydia, men tenkjer at det lett kan behandlast, og at det ikkje rammar dei. Terskelen for å bruka kondom er høgare i Noreg, fordi risikoen for å få HIV ikkje er like stor her som andre stader i verda, trur Wesnes.

Dei tre studentane er engasjerte i organisasjonen Medisinernes Seksualopplysning i Bergen (MSO-Bergen), som driv oppsøkjande seksualundervisning for ungdom. Meir informasjon er vegen å gå for å få bukt med kjønnssjukdommane, trur dei.

— Det må informerast meir om kjønnssjukdommar, særleg må skulane prioritera å gi elevane god seksualundervising, seier Wesnes.

— Jo meir informasjon folk får, jo betre skikka er folk til å ta eigne val. Folk har ikkje meir sex sjølv om dei er velinformerte, seier Melby.

MSO-Bergen har seksualundervisning på skular, ungdomsklubbar, asylmottak og andre stader der unge oppheld seg. Erfaringa er at unge ikkje veit så mykje om sex som mange trur.

— Mykje av basiskunnskapane manglar, så me avkreftar ein del mytar på kursa våre, seier Helland.

Kondomskule er obligatorisk på kursa.

— Trening er viktig, for viss guten ikkje er van med å tre på ein kondom, blir det fort ein stressfaktor under eit samleie. Det fører gjerne til at kondomen blir droppa, seier Melby.

Studentane trur at å senka prisen på kondomar, samt å gjera kondomar meir tilgjengeleg, kan få fleire til å beskytta seg.

— Det må bli kult å bruka kondom, fastslår dei.