— Dette er eit slagord som har ein brun klang i historia. Det vart brukt av nazistane og seinare av dei mest ytterleggåande antikommunistane under McCarthy-tida på 50-talet i USA. Det høyrer ikkje heime i ein norsk valkamp i 2009.

Det er den kjende Raudt-politikaren og fagforeiningsmannen Terje Kollbotn som seier dette. Han legg til:

Likvidasjonar

  • Dette er også eit slagord som enkelte følgde opp med handling i form av likvidasjonar.

Kollbotn reagerte sterkt på at representanten for Unge Høgre delte ut jakkemerket til elevane under ein debatt på Odda vidaregåande skule nyleg.

— Bodskapen kan tolkast bokstaveleg eller ikkje bokstaveleg. Uansett vekkjer den spesielt sterke reaksjonar i eit samfunn som Odda, der arbeidarrørsla har sterke tradisjonar, meiner Kollbotn og viser mellom annan til tradisjonen russen har med kransnedlegging på gravene til kommunistar som vart henretta under 2. verdskrigen.

— Meint humoristisk

Eivind Nævdal-Bolstad er oppgitt over Kollbotns reaksjon. Han viser til at dette er eit jakkemerke som har blitt brukt i mange år.

— Ein må forstå at dette er ei spissformulering og ikkje bokstaveleg meint, seier Nævdal-Bolstad, som ikkje har planar om å slutte å dele ut jakkemerket. Han får støtte frå Unge Høgres leiar, Henrik Asheim.

— Bakgrunnen for slagordet er eit slagord venstreradikale brukte ein gong – «heller rød enn død» – dette er ein vri på det. Dette er meint humoristisk og ikkje vondskapsfullt. Raudt burde heller bruke tida på andre ting enn å kome med slike spekulative utspel, er Asheims kommentar.