Etter snart ti år med ungdomskampanjen for lågare fart ser vegvesenet resultat. I fjor var det 40 prosent reduksjon i talet på trafikkskadde og -drepne i alderen 15-19 år i Sogn og Fjordane. Transportøkonomisk institutt har rekna ut at kampanjen så langt har redusert talet på skadde og drepne unge passasjerar med 30 prosent.

— Det er ungdommane sjølve som har fått til dette resultatet. Før var det tøff køyring som sette normen, no har ungdommane isolert verstingane, seier rådgjevar Kåre Ljones ved Statens vegvesen Region vest i Leikanger.

— Passasjerar som seier ifrå om stygg køyring går no med rak rygg. Dei ungdommane som køyrer fort er ikkje så attraktive lenger, oppsummerer Ljones.

— Sjølvsagt finst det framleis ei mindre gruppe verstingar. Dei er det berre løynde politikontrollar som kan få bukt med. Og politiet er blitt flinkare til å ta desse óg, seier Kåre Ljones.

Ljones er hovudansvarleg for «Sei ifrå»-kampanjen som starta i 1993. I fjor sette vegvesenet i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune i verk neste steg i kampanjen retta mot ungdom og trafikktryggleik, «Trygt heim for ein 50-lapp». Maxitaxiar køyrer i helgane ungdommen mellom tettstadene for 50 kroner i staden for at dei skal setja seg inn i meir eller mindre tilfeldige ungdomsbilar.

Også i Sogn og Fjordane har automatiske fotoboksar hatt sin misjon for å halda fartsiveren i sjakk på vegane. Alt før opninga av den 24 km lange Lærdalstunnelen blei det installert fotoboksar av frykt for ungdommeleg fartsleik i landets lengste tunnel.

Det er også fotoboksar i Fodnestunnelen (Rv 5) ved Lærdal, og vil truleg bli installert i Gudvangatunnelen (E 16) i år. Ifølgje vegvesenet er også Høyangertunnelen (Rv 55), Fjærlandstunnelen (Rv 5) og Naustdalstunnelen (Rv 5) under vurdering som aktuelle for fotoboksar.